annonse

Kommentar: Å seie «det vil kome endringar» – er det godt nok?

Administrasjonens framlegg
Administrasjonens framlegg: Politikarane har varsla at det vil kome endringsframlegg, men så langt er budsjettframlegget forma av rådmann Finn Arild Bystrøm (t.v.) og økonomisjef Hallgeir Brekke i Seljord kommune. (Foto: Tone Tveit)

Tone Tveit

Korleis kan eit budsjett skape debattar? Korleis kan ein kome med innspel og involvere innbyggjarane, dersom alle diskusjonar skal skje på kammerset?

Torsdag møttest formannskapet i Seljord for å handsame og kome med si innstilling til kommunebudsjettet for neste år og økonomiplanen dei fire neste åra. Ei veke tidlegare la rådmannen fram sine tankar om korleis ein kan løyse den tronge økonomiske knipa Seljord-økonomien står i. Alt dette i eit 2018 der alle einingane i kommunen har blitt saumfare, og som rådmannen sa; me har tilsette som har arbeidd under hardt press og som er slitne.

Seljord kommune har høg lånegjeld og ikkje rom for auka driftsrammer. Tvert om. Rådmannen varsla i budsjettframlegget og økonomiplanen at det kan bli naudsynt å innføre eigedomsskatt på hus, hytter og næringsbygg, redusere talet på tilsette med inntil 15 årsverk, auke brukarbetaling for eldre på Nestunet og redusere grunnbemanninga i grunnskulen. Med andre ord, ein treng harde og brutale kutt for å kome seg på beina att.

I formannskapsmøtet torsdag var det venta ein politisk debatt – framlegg til korleis ein skal få skuta på rett kjøl, eller i det minste nokre signal om kvar vegen skal gå i framtida. Men den kom ikkje.

Ordførar Halfdan Haugan (Ap) konstaterte at dei folkevalde kanskje har litt fleire utfordringar enn det dei set pris på i årets budsjettarbeid, og vedgjekk at dette kom til å bli tøft. Kommunen må ned på aktivitet og drift – dei må vurdere eigedomsskatt på ny, uttala han. Posisjonspartia ville ikkje kome med framlegg til endring, og presiserte at dette ikkje betydde at dei var einige i rådmannens framlegg. Ap og Høgre ville vente til kommunestyret kjem saman 13. desember – i dagmøtet der det endelege budsjettet blir vedteke.

Opposisjonspartia såg også at det var naudsynt med meir tid før ein konkretiserte eit endringsframlegg. Henry Mæland (Sp) meinte det var viktig å hente innspel frå alle på eit medlemsmøte, og han presiserte at det ville kome konkrete endringsframlegg frå opposisjonsgruppa i kommunestyret, noko som også blei samrøystes vedteke som tillegg til rådmannens opphavlege framlegg. Varaordførar Jon Svartdal (H) uttrykte redsel for at Seljord kommune vil hamne under Fylkesmannens makt – på den lite populære Robek-lista. Eg håpar me slepp hamne der, me får sjå kva me får gjort innan 13. desember, uttala Svartdal.

Tida er knapp, ja, den er det om dei folkevalde skal kome med ei ny økonomisk løysing som ikkje skal råke innbyggjarane og svekke tenestene. Kvar kan ein kutte i dei tenester og tilbod Seljord har i dag utan at det går ut over nokon? Går det?

Er det ein god demokratisk prosess når innbyggjarane ikkje får vera med i dialogen, når svartdølane, seljordingane, flatdølane, åmotsdølane eller innbyggjarar i Nordbygdi, Vefall, Gardvikstrondi eller Seljordshei ikkje får høve til kome med innspel til dei folkevalde sine idear, moglege løysingar og tankar om korleis ein skal løyse utfordringane – kva tilbod ein skal velje bort – eller behalde dei komande åra? Er det godt nok at dei folkevalde ein føremiddag kan føreslå store endringar som vil føre til konsekvensar for mange, og «vedta framtida» den same ettermiddagen? Det er ikkje fyrste gong formannskapet i Seljord signerer rådmannens framlegg utan å setje sitt preg på det. Kanskje det er på tide å endre møteplanen for å gje dei folkevalde meir tid slik at formannskapet rekk å kome med si innstilling som folket kan vere med vurdere og administrasjonen får tid til å kvalitetssikre. Eg berre undrar.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.