Jolegrantenning i Kviteseid.
Jolegrantenning i Kviteseid.

Joletreet i Kviteseid er tent

Brygga var full fredag kveld – sjølv i regn og med grønt gras som underlag.

– Det skulle vore 15 minusgrader og ein meter med snø no, seier ein av dei frammøtte før Kviteseid hornmusikk tok til å spele.

Dei opna med «Det lyser i stille grender», medan ljoset blenkte i Sundkilen og regnet la seg til rette i det grøne graset. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Men, det våte og grå vêret sette ikkje ein stoppar for god jolestemning. Brygga var full av folk i alle aldrar, med og utan nisseluver på. 

Etter at musikk og taler var ferdige, kom nissen med noko godt til alle barna som har teke turen. Det var dei veldig fornøgde med.

– Me har vore her kvart år så lenge me har vore med i hornmusikken, fortel Marie Spikkeland Holm (14). Saman med Solfrid (11) og Agnes Marie Hægeland (14) var ho med og spela opp til gange rundt joletreet i kveld. 

Dei små jolenissane hadde det travelt med å kome seg bort til joletreet.
Dei små jolenissane hadde det travelt med å kome seg bort til joletreet.
Solfrid Hægeland (t.v.), Hilde Spikkeland Holm, Agnes Marie Hægeland og Marie Spikkeland Holm.
Solfrid Hægeland (t.v.), Hilde Spikkeland Holm, Agnes Marie Hægeland og Marie Spikkeland Holm.
Dei frammøtte let seg ikkje stoppe av ruskevêret.
Dei frammøtte let seg ikkje stoppe av ruskevêret.

– Det skulle gjerne ha vore litt snø, men så er det godt at instrumenta ikkje frys heller, seier Spikkeland.