Roger Brekkan gler seg til å vera med på å skape ein triveleg jolekveld for dei som elles kanskje hadde sete heime åleine.
Roger Brekkan gler seg til å vera med på å skape ein triveleg jolekveld for dei som elles kanskje hadde sete heime åleine.

Inviterer dei som sit åleine til jolefeiring

Morgedal hotell opnar dørene og inviterer einslege og andre som føler seg einsame til jolefeiring på hotellet.

Roger Brekkan frå Seljord har lenge tenkt på at han skulle bidratt i joli, bidratt til at fleire fekk ein triveleg jolekveld. Men han har ikkje hatt moglegheita – ikkje før no når han jobbar på Morgedal Hotell.

– Her har me både kjøken og lokale, seier Brekkan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter å ha fått grønt ljos frå hotelleiinga byrja han å sondere ut mot kommunane som «veit kvar skoen trykker» og bedriftene for å finansiere tiltaket. Med seg har hotellet fått kommunane Seljord, Vinje og Kviteseid, i tillegg til ti bedrifter i dei tre kommunane på eit spleiselag for at dei som føler seg einsame i joli skal få ein heileftans jolemiddag på hotellet.

– Eg er overvelda over responsen. Det var fleire som ville bidra, men me måtte seie stopp, seier han.

Les også:– Ingen skal sitje åleine på joleftan

Håpar på tradisjon

Morgedal Hotell står for mannskap og lokale, næringslivet betaler for maten og kommunane for transporten.

Brekkan håpar jolefeiringa kan bli ein tradisjon og at også dei andre kommunane i Vest-Telemark kan bli med. Han ser heller ikkje bort frå eit samarbeid med folkehøgskulen i Seljord som også inviterer til jolefeiring.

– Me visste ikkje om kvarandre, men at fleire vil bidra til å skape eit samlingspunkt på joleftan er berre bra, seier Brekkan.

Han lovar bord som bognar av jolemat; ribbe, pinnekjøt og lutefisk. Etter middagen blir det gang rundt joletreet og kaffi og kaker.

Folkehelse

VTB tok også ein prat med Anders Sandvik, assisterande rådmann i Vinje kommune, om spleiselaget.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Jolemiddag for einslege vert arrangert i dei fleste byane og me synest også at utkantstroka burde ha det same, seier Sandvik.

– Me i kommunen legg stor vekt på førebygging og folkehelse, ikkje minst psykisk helse. Dette tilbodet er ein del av denne satsinga. Dette er eit prøveprosjekt og eg håpar det vert ein tradisjon. Jola kan vere tung for enkelte, og tilbodet er ope for alle som føler seg aleine på joleftan, legg den assisterande rådmannen til.

Han seier vidare at dei vil køyre personane som er interessert til hotellet på ettermiddagen, slik at dei kan roe seg ned på hotellet med Sølvgutane som syng jola inn på fjernsyn.

Kommunane har fått indikasjonar på at 20–30 personar er interesserte. Arrangementet er gratis. Fristen for å melde seg på er 1. desember, og påmeldinga er via kommunane.

redaksjon@vtb.no