Ordførar i Seljord, Halfdan Haugan (Ap) helsa frå kommunen.
Ordførar i Seljord, Halfdan Haugan (Ap) helsa frå kommunen.

Heidra Ullmann med fest

– Folkehøgskule-pioner, Venstre-pioner, forfattar, folketalar og kvinnesaksforkjempar. Han sette spor etter seg, Viggo Ullmann, uttala festtalar Jan Kløvstad laurdag.

Med talar, foredrag, middag og jubileumsfest markerte Seljord kommune, folkehøgskulen og sogelaget i bygda at det var 170 år sidan folkehøgskule-grunnleggaren Viggo Ullmann vart fødd. Lars Bjaadal, tidlegare rektor ved folkehøgskulen, leia jubileumskomiteen og losa både barneskuleelevar, folkehøgskuleungdom og jubileumsgjester gjennom eit rikhaldig program.

– Eg vil takke for det kommunale initiativet til denne markeringa. Nå kjenner fleire til kven Ullmann var og kvifor me har ei byste av han i bygda vår, uttala Bjaadal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også:Kvifor står denne mannen på sokkel utanfor skulen i Seljord sentrum?

– Kommunen er stolte av det arbeidet som Ullmann gjorde, og ser den dag i dag resultat av arbeidet han la ned på slutten av 1800-talet med Seljord folkehøgskule som lever i beste velgåande, sa ordføraren.

Jan Kløvstad har tidlegare skrive bok om Ullmann, og hadde festtale på Granvin laurdag kveld.

Tidlegare partileiar for Venstre, Odd Einar Dørum, kom også til Seljord for å feire Ullmann-jubileet.
Tidlegare partileiar for Venstre, Odd Einar Dørum, kom også til Seljord for å feire Ullmann-jubileet.
Leiar i jubileumskomiteen, Lars Bjaadal, (t.h.) takka Jan Kløvstad for ein flott og interessant festtale.
Leiar i jubileumskomiteen, Lars Bjaadal, (t.h.) takka Jan Kløvstad for ein flott og interessant festtale.
Leiar i jubileumskomiteen, Lars Bjaadal, haldt tale ved Viggo-statuen utanfor Seljord barneskule fredag, og fekk elevane med på å rope tre gonger hurra for Viggo Ullmann. 					Alle
Leiar i jubileumskomiteen, Lars Bjaadal, haldt tale ved Viggo-statuen utanfor Seljord barneskule fredag, og fekk elevane med på å rope tre gonger hurra for Viggo Ullmann. Alle
Elevane ved Seljord barneskule har lært om Ullmann på skulen. og la fredag med krans ved bautaen hans.
Elevane ved Seljord barneskule har lært om Ullmann på skulen. og la fredag med krans ved bautaen hans.
Elevane ved Seljord folkehøgskule var med på jubileumsfesten og bidrog mellom anna med mykje flott song.
Elevane ved Seljord folkehøgskule var med på jubileumsfesten og bidrog mellom anna med mykje flott song.

– Han sette spor etter seg, Viggo Ullmann. Det er altså ingen grunn til å ønske fred over hans minne, men la han heller inspirere oss til «Ild, begeistring og varme», uttala Kløvstad.

Odd Einar Dørum (V) teikna litt av rommet kring Ullmann i si tale, og minna dei frammøtte om at me menneske kan vere med å forme framtida.

– Av Ullmann kan ein lære at ein skal vere truverdig og samvitsfull, uttala Dørum

Festkvelden vart avslutta med ei rungande framføring av «Vad solskin er for det sorte muld».