Fengselsbetjent Ole Gunnar Selås hjelper ruskøyrarar med å forstå konsekvensane av handlingane deira.

Han hjelper ruskøyrarane i fangeleiren med å kome på rett kjøl

Ole Gunnar Selås har jobba i fangeleiren i Kleivgrend i seksten år. I ti av dei har han vore pådrivar for å halde kurs for dei som sit inne for køyring i rusa tilstand.

– Det viktigaste me gjer på dette kurset, er å hente ut den fila som finst i alle hjernar, fila som seier at fyllekøyring ikkje er lurt, blåse støv av den, forsterke programvara, og så putte den inn ein stad i harddisken som ligg så langt oppe at ein faktisk tek omsyn til den sjølv når ein er rusa, seier Ole Gunnar Selås.

Han sit ved bordet i matstova i Kleivgrend fengsel. I mange år har han vore den i fengselet med mest kompetanse på alt som handlar om rus og trafikk. I tidlegare år var det ei større satsing i kriminalomsorga som gjekk på endringsfokusert rådgjeving. I Kleivgrend sat og sit det mange innsette med ruskøyringsdommar. Difor tok Ole Gunnar og dei andre i Kleivgrend initiativ til å sette i gang eit kurs for dei. Ole Gunnar tok eit kurs ved Kriminalomsorgas utdanningssenter, og har opparbeidd seg høg kompetanse på området. Det blir halde sjeldnare og sjeldnare no, på grunn av lite ressursar, men når dei fyrst finn stad er dei alltid veldig populære blant dei innsette.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er små samtalegrupper som set fokus på sjølve problemstillinga og på konsekvensane – både på individ- og samfunnsnivå.

Han erfarte fort at det var stor interesse for å delta på kurset, og at mange hadde meiningar og tankar rundt ruskøyring som dei gjerne ville dele med gruppa.

– Det er ikkje heilt aksept i alle miljø for å snakke om det. Det er kanskje det viktigaste me gjer her, å bringe det fram i dagsljoset.

I tillegg til å prate om sjølve problemet, består kurset i at deltakarane fortel om sine personlege erfaringar.

– Etter å ha høyrt dei fortelje så trekker me programmet vidare utifrå dei erfaringane som vekslast inn. Me har hatt deltakarar som er dømt for aktlaust drap, og me har hatt innsette som berre har blitt stoppa i ein rutinekontroll, fortel Ole Gunnar.

Les også: – Eg kan ikkje forsvare det eg har gjort uansett

Dei gode haldningane er der alt

I starten av kurset er det mange som kan ha ei veldig feil innstilling til ting, fortel Ole Gunnar. Til dømes kan det kome kommentarar om at dei som sit inne har hatt skikkeleg uflaks. Men så, når dei har gått gjennom kurset, så tenker dei ofte litt motsett.

– Til slutt tenker dei heller at «han som blei stoppa i ein rutinekontroll, han har hatt flaks». Fordi det å bli stoppa i ein rutinekontroll og ta dei konsekvensane det fører meg seg er bagatellar i forhold til å måtte stå til rette for å ha indirekte skuld i eit dødsfall. Det er akkurat det me vil at dei skal reflektere over.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han kjenner seg veldig att i erfaringane Hilde Martini Momrak delte i lesarbrevet sitt tidlegare i haust, om at den ytste konsekvens i mange sine auge er at dei kan miste lappen.

– Det er der fokus ligg for mange i starten. Når du sit og vurderer om du skal køyre i fylla eller ikkje, for alle gjer ei vurdering, vurderer dei primært risikoen for å bli tatt eller ikkje. Er det politi i nærleiken, er det nokon sjans for at me blir tatt, er det nokon sladrehankar her?

– Eg plar spørje dei om det er nokon av dei som synest det er greitt å slå ein person i rullestol. Det er det ingen som synest er greitt. Ikkje viss dei er fulle og han snik i køen på byen ein gong. Uansett kor mange dårlege eigenskapar eg gjev denne tenkte rullestolbrukaren, så er dei einige om at dei aldri ville slått han. Så spør eg: men synest de at det er greitt å køyre i fylla? Nei, svarar dei. Ingen er i tvil om at det er feil. Men, likevel så gjer dei det når dei er fulle. Dette har vist meg at dei gode haldningane er der alt. Dei er berre lagra på ulike stadar i bevisstheita vår. Slik at når promillen stig, så druknar haldningane rundt det med rusa køyring mykje tidlegare enn haldningane rundt å slå nokon i rullestol, seier Ole Gunnar.

«Er det du som held fyllekøyringskurs i Kleivgrend?»

Som dei fleste veit så er konsekvensanalyse noko av det fyrste som forsvinn når ein begynnar å bli full. Men, Ole Gunnar er overtydd om at me har visse grunnhaldningar som fortel oss kva me skal og ikkje skal gjera. Ein stor del av måten han prøvar å forsterke programvaren på er ved å sjå på lokalmiljøet og faktorane som førte til fyllekøyringa.

– Me snakkar mykje om dei avgjerande augneblinkane. Me går inn i forteljingane og finn ut kvifor «Ole» valte å køyre i fylla. Når gjekk det frå å vera ein tanke til å bli ei avgjerd? Så prøvar me å finne nokre eksempel hjå vedkomande der dei tenkte på å køyre i fylla, men lét det vera. Så analyserer me desse opp mot kvarandre. Alt dette skal vera med på å få forsterka den fila. Me har aldri opplevd nokon som faktisk meiner at det er greitt å køyre i fylla, alle er klar over at dette er noko som er forbunde med risiko og som ikkje er akseptert i samfunnet. Dei angrar alltid når dei har gjort det, seier Ole Gunnar.

Han fortel at han har fått fleire gode eksempel på at kurset har fungert for folk. Ein gong stod han og fylte drivstoff på ein bensinstasjon heime i Froland, då ein bil full av ungdommar kom køyrande forbi. Ei ung jente kom ut av bilen og gjekk bort til han og spurte: «du, er det du som driv med slike fyllekøyringskurs i Kleivgrend?». Og sjølv om formuleringa fekk det til å høyrast ut som eit litt anna kurs enn han faktisk held, så svara han «jo, eg trur kanskje det er det». Då kunne jenta fortelje at dei hadde vore på fest kvelden før, og der var det ein som ville køyre i fylla. Då blei det ein skikkeleg diskusjon, fordi der var det ein som hadde vore på kurs oppe hjå Ole Gunnar. Då han til slutt spurte: «blei det til at han køyrte i fylla, då?», kunne jenta smilande svare: «nei, det kan eg love deg, ingen køyrte i fylla den kvelden.»

Ole Gunnar seier at han sjølv vaks opp i eit bygdesamfunn der samtalar om konsekvensar ved ruskøyring var eit ikkje-tema.

– Viss det blei diskutert så handla det berre om risikoen for å bli tatt. Eg vil gjerne utfordre folk til å ta initiativ for å stoppe det når dei ser det. Det treng ikkje vera slik at du melder naboen din til politiet, men gå bort til han, legg handa på skuldra hans og sei «du, dette synest eg faktisk ikkje at du skal gjera». Me har smerteleg fått erfare i fleire bygdesamfunn kva som kan bli konsekvensen, og då burde folk faktisk tore å stå litt i det. Me burde kunne gå ganske langt for å syte for at folk ikkje køyrer i fylla. Det beste er å stoppe dei før dei sit bak rattet og i ei strafferettsleg problemstilling.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein av dei innsette her hadde gått gjennom ein lang prosess over tre år, der han til slutt fekk ta førarkortet på nytt og kome seg ut i jobb. Men, han var framleis på fest av og til, men det han gjorde viss han visste at han skulle på fest i helga, var å ta nøkkelknippet sitt, legge det i ein konvolutt, gå til butikken og poste det til seg sjølv. Så fekk han det tilbake på måndagsmorgon. Det har han halde på med lenge, sa han. Det er jo genialt. Det passar ikkje for alle, men viss det er det som skal til, så gjer det, då vel, ler Ole Gunnar.

Han har fleire tips til folk. Til dømes, i staden for å gøyme nøklar utan å seie frå på fest, som kan resultere i ein del krangling, så sei frå på starten av kvelden til dei som har kome køyrande: «Viss du skal vera her i kveld, så blir det inga køyring. Lever nøklane dine til meg, takk.» Og: til sjuande og sist handlar det om eit transportbehov, som kan fjernast ved litt betre planlegging før ein reiser på fest.

– Viss ein skal på ein bygdefest og veit ein at på eit eller anna tidspunkt vil ned til Skien, så må ein ha ein plan på det. Ikkje berre ta med deg bilen og ta det som det kjem. Det er eit meiningslaust utgangspunkt. Ein må planlegge medan ein har tankesettet sitt i behald. Og så er det som sagt viktig å ha vaktbikkjer. Arrangørar og vakter på ungdomsfestar synest eg burde ta eit større ansvar. Løft blikket og ver med på å gjera nokre førebyggande grep slik at det ikkje reiser ein bil frå din fest og endar i tragedie.

Set ting i perspektiv

I løpet av dei 16 åra Ole Gunnar har arbeidd i Kleivgrend, har han sett ruskøyrar i absolutt alle aldersgrupper. Det er det same transportbehovet som gjeld for alle, men for nokon av dei yngste er det ofte i kombinasjon med høg fart.

– I høgare aldersgrupper så er dei nok klokare når det gjeld korleis dei skal køyre for å unngå å bli oppdaga. Når ein blir eldre blir ein meir bevisst på åtferda si, også i rusa tilstand, seier Ole Gunnar.

Opp gjennom åra har han hatt innom fleire fangar med alvorlege dommar knytt til ruskøyring.

– Det er spesielt når ein skal gå gjennom den personlege historia til den enkelte og så viser det seg at det sit ein der som indirekte har teke livet av kjærasten sin. Det er sterkt. Det er ikkje mange tørre auge i rommet då. Og dei som har fått kjenne dei verste konsekvensane på kroppen, kan nesten bli forbanna på dei andre som sit og brukar masse energi på å furte over at dei fekk tre års sperrefrist. Mange av dei synest det er heilt unødvendig fordi det ikkje skjedde noko alvorleg. Då har eg opplevd at dei med alvorlege dommar spør dei: «kven si skuld er det at det ikkje skjedde noko?». «Nei, det er jo eg då, som køyrte forsiktig», seier personen med sperrefrist. «Nei, det er politimannen som stoppa deg. Du skal takke han du. Han som tok deg, han du sit her og seier er ein dritsekk. Han har kanskje redda livet ditt». Då hjelper dei verkeleg med å sette ting i perspektiv.

Ole Gunnar kan ikkje kurse alle vesttelar, men håpar at læring om ruskøyring er noko som etter kvart kan få større plass i samfunnet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det kostar veldig lite å legge litt om dette inn i undervisninga i skulane, til dømes. Og så må me ha det som eit tema på fleire forskjellige arenaar, for dette gjeld verkeleg ikkje berre ungdom – langt ifrå. Me må halde poteta varm.