Andreas Torkildsen (Bak t.v.), Arve Listaul, Torgeir Aslestad, Even Nordbø, Erlend Kasin, Kent Erik Sellæg (framme t.v.) Brian Jensen, Felipe Rodriguez, Gaute Aas Levang og Jan Aage Nordbø. 	Alle
Andreas Torkildsen (Bak t.v.), Arve Listaul, Torgeir Aslestad, Even Nordbø, Erlend Kasin, Kent Erik Sellæg (framme t.v.) Brian Jensen, Felipe Rodriguez, Gaute Aas Levang og Jan Aage Nordbø. Alle

Fyresdal futsal kjempa jamt med topplag i fyrste kamp

Det tidlegare laget Volvo 240 futsal har no skifta namn til Fyresdal futsal. I helga hadde dei sin fyrste offisielle kamp i seriespelet.

Fyresdal futsal har tidlegare gjort seg merka i Indoor Football Scandinavia (IFS) sine uavhengige turneringar. I fjor vann dei serien i Kristiansand, men i år ynskjer dei å ta det eitt steg vidare. Laget har no blitt med i 1. divisjon i Norges Fotballforbund (NFF) sitt offisielle seriespel. Her blir nivået rekna som høgare enn i IFS.

– Me ynskte å prøve oss på eit høgare nivå, seier fyresdølen Gaute Aas Levang.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fyresdal, Treungen og Seljord

Av dei 12 spelarane på laget kjem halvparten av dei frå Vest-Telemark. Torgeir Aslestad, Even Nordbø, Gaute Aas Levang og Kjetil Veum Sveinsson kjem alle frå Fyresdal. Treungen Jan Aage Nordbø og nysigneringa Arve Listaul frå Seljord hadde dermed ikkje så mykje dei skulle ha sagt då laget skulle bestemme nytt namn, det måtte bli Fyresdal Futsal.

Dei andre seks på laget har vesttelane blitt kjende med gjennom fleire år med studiar i Kristiansand.

Ambisiøs gjeng

På laurdag blei årets sesong sparka i gong, og Fyresdal futsal var klare for sin fyrste offisielle kamp. Motstanden i opningskampen kunne nesten ikkje vore tøffare. På motsett banehalvdel stod nemleg fjorårets seriemeister Ulefoss futsal, som spelte på heimebane denne dagen.

Ove Taraldlien (t.v.) og Knut Magne Momrak synest det er morosamt at Fyresdal har fått sitt eige futsallag.
Ove Taraldlien (t.v.) og Knut Magne Momrak synest det er morosamt at Fyresdal har fått sitt eige futsallag.

Fyrsteomgangen var jamspelt og med høg intensitet, og sjølv om Ulefoss hadde ballen mest var Fyresdal farlege på kontringar. Etter 9 minuttar scora likevel Ulefoss, men fyresdalslaget svara umiddelbart med scoring frå bergensaren Brian Jensen. Til pause var stillinga dermed 1–1.

Andreomgangen vart tøffare for gjestene frå Vest-Telemark, og 36 minuttar ut i kampen gjekk Ulefoss opp i leiinga 2–1. Med berre fire minuttar att av kampen tok Fyresdal ein timeout. Sjølv om dei sette opp trykket for å prøve å få til ei utlikning ville ikkje ballen i mål, og Fyresdal måtte så seg slått i fyrste kamp.

– Me hadde sagt ja til det resultatet her på førehand, men når me er såpass jamne med dei så er det irriterande å tape kampen, seier Nordbø.

Reglane til NFF og IFS er litt forskjellige. Blant anna på at spelarane berre får bruke tre sekund på dødballar i NFF.

– Me merkar at det er uvant, men det kjem seg sikkert når me får spelt fleire kampar, seier Aas Levang.

Artikkelen held fram under annonsen.

Spelar og lagleiar Torgeir Aslestad såg seg alt i alt nøgd med kampen.

– Me ser at me kan spele jamt med eit godt lag, det synest eg er morosamt, seier han.

På tribunen møtte det opp to supportarar. Ove Taraldlien og Knut Magne Momrak tok den lange turen frå Fyresdal for å sjå lagets fyrste kamp.

– Eg er imponera, dei klarer seg bra mot eit godt lag, seier Taraldlien.

– Eg synest det er utruleg morosamt at namnet Fyresdal blir representert i futsalmiljøet, seier Momrak.

Laget frå Fyresdal skulle eigentleg møte Larvik turn fire timar etter den fyrste kampen, men då dei kom tilbake til hallen fekk dei beskjed om at laget hadde reist heim, og trekt seg frå kampen. Det førte til at Fyresdal blei tildelt siger med resultatet 3–0. Det såg laget på som liten trøyst.

– Eg synest det er utruleg dårleg av Larvik, dei kunne fint ringt oss og sagt ifrå om at dei ikkje kom til å stille. Det førte til at me brukte fire timar ekstra i Ulefoss heilt unødig, seier Aas Levang.

Neste seriekamp er mot Høllen 13. desember, i mellomtida skal dei spele NM i Oslo til helga i IFS sin regi.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det blir spanande, me har delteke to gonger tidlegare, og fyrste året kom me vidare til sluttspelet. Det er målsettinga i år òg, seier Aas Levang.

magnus@vtb.no