annonse

Fylkestinget krev samla utgreiing av bompenger for E134

Tysdag vedtok fylkestinget i Telemark å be Statens vegvesen og Samferdselsdepartementet å planlegge for ein samla bompengesøknad for heile prosjektstrekninga Seljestad–Vågslid.

Politikarane vil bruke bompengar for å kome raskare i gang med E134-arbeidet, både på Seljestad–Liamyrane og på Liamyrane–Vågslid.

I NTP ligg tiltaket til siste halvdel av planperioden. Det betyr bygging mot slutten av 2020-talet. Fylkestinget håpar å få vurdert moglegheita til å forsere bygginga av Haukeliseter-tunnelen.

Fylkesordførar Sven Tore Løkslid skal møte vegdirektør Terje Moe Gustavsen om saka i august.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.