annonse

– Flott å campe på flystripa

Modellfly
Modellfly: Einar Bruheim stilte med modellflyet sitt Sportsjet Enlightning under treffet i Fyresdal førre helg. (Foto: Olav Åsen Haugsgjerd)
Flystripe
Flystripe: Morten Rasmussen likar seg godt på flyplassen i Fyresdal. (Foto: Olav Åsen Haugsgjerd)

Modellflygarar frå store delar av landet samla seg på flyplassen i Fyresdal fyrste helga i juni.

Olav Åsen Haugsgjerd

Fyresdal

Einar Bruheim frå Bergen var fyrste gong i Fyresdal i 2009 og seier flyplassen har utvikla seg storvegs sidan den gong.

– Dette er ein av dei få flyplassane me kan fly frå. På treffet er det folk frå Orkanger, Bergen og Stavanger. Anlegget her er fantastisk, og kommunen har verkeleg gjort det fint her, seier Bruheim.

Morten Rasmussen er ein annan bergensar som har teke turen til Fyresdal.

– Her trivs me kjempegodt. Her er det opent og stort. Det er unikt å kunne campe på flystripa, og flyge modellfly på ein ordentleg flyplass. Fasilitetane her er også ideelle for eit slikt treff, men eg trur ikkje me kan forvente slikt flyvêr neste gong. seier han.

Det var strålande forhold for flyging heile helga, og entusiastane gler seg alt til neste treff.

– Det sosiale er det viktigaste. Å slappe av, og treffe likesinna med same interesser. Det er det me kjem her for, seier Bruheim.

olav@vtb.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.