Fann sjåføren to timar etter utforkøyring – mistenkt for å ha køyrt med promille

Naudetatane rykte i kveld ut til ein bil som har køyrt ut på fylkesveg 45.

Rett etter klokka ti måndag kveld fekk politiet melding om at ein bil hadde køyrt av vegen på glatta mellom Åmot og Dalen. 

Den eller dei som hadde køyrt den hadde stukke frå staden.  

Artikkelen held fram under annonsen.

Oppdatering 00.15: 

Politiet har kome i kontakt med føraren av bilen. Det er ein mann i 20-åra frå Tokke kommune. Han er uskadd, men mistenkt for å ha køyrt i ruspåvirka tilstand. 

Patruljen har kommet i kontakt med fører av bilen - sier seg uskadd. Mistenkes for kjøring i ruspåvirket tilstand. Mannen er i 20-årene og hjemmehørende i kommunen.

— Politiet i Sør-Øst (@politietsorost)26. november 2018