annonse

Endeleg tannlege igjen i bygda

Nøgde
Nøgde: Fyresdaltannlege Ida Helene Bruun Syversen (t.v.), rådmann Ketil O. Kiland og klinikkleiar Live Lid Breiland. Privat foto (Foto: )
Opna
Opna: Klinikkleiar Live Lid Breiland (t.h.) stod for opninga. Privat foto (Foto: )

Fyresdal har vore utan tannlege sidan i fjor, men nå er det på plass eit offentleg tilbod.

  • _ Geir Ufs

_ Fyresdal

Fram til hausten i fjor kjøpte fylkeskommunen tannhelsetenester frå privat tannlege i Fyresdal. Då han gjekk av med pensjon valde fylkeskommunen sjølv å etablere eit offentleg tilbod. Det er svært sjeldan det blir etablert nye tilbod av denne typen, og det blei sjølvsagt feira med formell opning og kake. Det skjedde sist torsdag. Representantar frå tannhelsetenesta, Fyresdal kommune, handverkarar som har stått for oppussinga og fleire andre var til stades.

Live Lid Breiland, klinikkleiar for Fyresdal, Seljord og Vinje tannklinikkar, stod for den formelle opninga.

Éin time seinare kunne publikum som ynskte kome innom og sjå på den totalrenoverte klinikken i bygda. Det blei investert i mykje nytt utstyr, mellom anna tannlegestol, i samband med at det kom eit offentleg tilbod.

Gler seg

Kommunikasjonsrådgjevar Hanna Hekkelstrand uttaler til VTB at tannhelsetenesta i Telemark fylkeskommune gler seg over å kunne opne ein klinikk i Fyresdal som gjev pasientane i kommunen eit lokalt tannhelsetilbod. Med lange køyreavstandar i øvste delar av Telemark har fleire pasientar hatt godt over éin times køyring kvar veg til klinikken i Vinje eller Seljord i tida kommunen har vore utan tannklinikk.

– Me er veldig glade for at fylkeskommunen satsar lokalt når det elles er mykje fokus på samanslåing. Alt har gått etter planen med oppretting av klinikken, som gjev eit godt samfunnsrekneskap når vaksne slepp å ta fri for jobb for å køyre barn til tannlege i andre kommunar, seier Ketil O. Kiland, rådmann i Fyresdal.

Tannlege på klinikken er Ida Helene Bruun Syversen, og Anne Tovslid er assistent. Båe jobbar også ved klinikken i Vinje, og kjem til å fordele arbeidet i dei heile stillingane sine likt på dei to kommunane.

Dei dagane det ikkje er teneste ved klinikken i Fyresdal, kan ein ringje tannklinikken i Vinje for å gjere avtale via dei.

Dersom det skulle vise seg at det blir veldig stor pågang for å nytte tilbodet i Fyresdal, vil klinikken ein periode prioritere akutte pasientar og prioriterte grupper som barn og sjukeheimspasientar.

Tilbodet i Fyresdal kan bli utvida om det er stor pågang over tid.

geir.ufs@vtb.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.