Eldre ektepar køyrte av vegen

På E134 ved Mostøyl.

Like før halv tolv i dag køyrte eit eldre ektepar frå Vestlandet av vegen på E134 ved Mostøyl. 

Personbilen hamna eit godt stykke utanfor vegen i vegarbeidsområdet, skriv politiet på Twitter. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Politi og ambulanse kom til staden om lag ein halvtime seinare, og fann fort ut at det ikkje var noko som tyder på alvorleg skade. Begge to blei sendt til sjekk ved legevakta i Vinje. 

Bilen blir tauga bort.