Tidlegare justisminister Anders Anundsen.
Tidlegare justisminister Anders Anundsen.

– Det er ikkje langt unna katastrofe viss dei legg ned fangeleiren

Under møtet til Vest-Telemarkrådet i Oslo tysdag la tidlegare justisminister Anders Anundsen fram argumenta for å halde liv i fangeleiren i Kleivgrend.

– Då eg var statsråd var eg inhabil i saker som gjaldt Kleivgrend. Det er eg ikkje no meir, så no kan eg snakke om det eg vil. Og eg vil snakke om fangeleiren, sa Anundsen til ordførarar og rådmenn.

Då statsbudsjettet blei lagt fram førre veke, føreslo regjeringa å legge ned fangeleiren. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også:Regjeringa vil legge ned fangeleiren i Kleivgrend

Det er ikkje den tidlegare justisministeren einig i – i det heile tatt. I møtet tysdag var han full av lovord om skogsleiren i Kleivgrend – eit soningstilbod han meiner er heilt unikt i norsk samanheng.

– Dette er eit viktig tilbod for Vest-Telemark, men eit viktigare tilbod for dei innsette, sa han. 

Han fortalde at Knut Are Svenkerud, leiar for kriminalomsorgas yrkesforbund, sjølv har vore på besøk i Kleivgrend, og at han seier at denne staden er noko heilt spesielt.

– Plasseringa har blitt brukt som eit motargument for at leiren skal bestå, men det er jo eigentleg ein stor fordel. Du blir eit heilt menneske att når du går rundt i Kleivgrend, og dei har fantastiske resultat i rehabiliteringa si, sa Anundsen. 

Fantastisk kompetansenivå

I tillegg til ei unik plassering, peikte Anundsen på det heilt spesielle kompetansenivået dei tilsette i fangeleiren har til saman.

– Dei tilsette har erfaring med handtering av psykisk sjuke. Det er ei kjent sak at den psykiske tilstanden for menneske som sonar straffar blir dårlegare. Dei blir tatt ut av soningstilbodet og inn på isolasjon, fordi dei ikkje har helsetilbod som er gode nok. 

– I Kleivgrend har dei eit kompetansenivå og -samansetting ein kan leite etter i alle andre norske fengsel, og ein vil aldri kunne finne det. Dei har folk som er gode på alt frå Midtausten-kunnskap, barnevern og juss til folk som har erfaring frå avdeling G på Ila (det verste me har i norsk kriminalomsorg), sexologiske mastergradar. Dei handterer særleg utfordrande innsette, som SO-fangar (seksuelle overgrep), sa Anundsen. 

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg rosa han fokuset dei har på friluftsliv i skogsleiren. 

– Mange av dei tilsette har ulike friluftsinteresser dei kan overføre til dei innsette. Verdiane av å gå tur i skogen er heilt framande for mange av dei, men der får dei oppleve det. Den samla kompetansen er umogleg for andre fengsel å matche.

– Det beste fengselet eg veit om

På ein av plansjane sine har Anundsen eit bilde av bommen – den einaste fysiske sikringa ein finn rundt fangeleiren i Kleivgrend. Han smiler frå øyre til øyre. 

– Det er ikkje nokon mur eller gjerde her. Berre ein bom som går ned. Eg representerte eit parti som ønskjer seg høge murar og storarta sikringar, men dette er det beste fengselet eg veit om.

Vidare hadde han fleire solskinshistorier frå tidlegare innsette, mellom anna ein fange som i førti år hadde vore inn og ut av fengsel. Han har hatt fem år på isolat, og er berykta i heile kriminalomsorga for å vera farleg for seg sjølv, andre innsette og dei tilsette. I Kleivgrend fekk han snudd livet sitt rundt.

– I 2017 blei han forsøkt overført til Kleivgrend. Etter kort tid der hadde han ingen åtferdsutfordringar, han deltok i fellesskapen og leverte godt på «jobb». Han lærte å gå på ski og blei med på pilegrimsferda dei arrangerer. Det er ei solskinshistorie det. Mange kan skilte med dei, men ikkje heilt som denne. For tre veker sidan slapp han ut.

Kjem aldri opp att viss den fyrst blir lagt ned

Fleire gonger kritserte Anundsen regjeringa han tidlegare var ein del av for at dei vurderer å legge ned skogsleiren.

– Dei ser ikkje på kvalitetane ved denne leiren. Dei ser på eit gamalt vedtak, og vil legge ned på bakgrunn av det. Dei må legge ned dei rette stadane for å spare desse pengane. Dette er ikkje den rette staden. Viss dei legg ned dette så kjem det aldri opp att. Det er ikkje langt unna katastrofe viss dei legg ned fangeleiren i Kleivgrend, sa Anundsen engasjert.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me må ha tilbod som er tilpassa folk. Mange kan ein kort tur innom kriminalomsorga og få det heilt fint etterpå, men stadig fleire får alvorlege psykiske problem. Dei har staden der dette kan endrast. I Kleivgrend. Det er ikkje nokon stad det er betre å gjera dette på.

Til slutt ynskte Anundsen rådet lykke til i møtet med Telemarksbenken seinare i dag, der dette er ei av sakene som skal diskuterast.