Sauene såg ikkje ut til å bry seg stort om snøen som har kome i Rauland i natt.
Sauene såg ikkje ut til å bry seg stort om snøen som har kome i Rauland i natt.

Den fyrste snøen har falle

... men den blei ikkje lenge.

Då klokka var halv åtte tysdag morgon var det om lag éin minusgrad i Rauland. 

Gunn Berit Åkre bur på garden Kvåmmi i Raulandsgrend, og vakna opp til at eit kvitt pledd hadde lagt seg på bakken, så langt auget kunne sjå. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette var litt tidleg, men veldig koseleg òg, seier Åkre. 

Gleda blei kortvarig, for yr.no melde at nedbøren var på veg til å bli regn seinare same dag. Bakken held seg nok bar ei stund til, men det kan jo vera ein tanke å skifte til vinterdekk i nærmaste framtid. Det ligg framleis snø på Haukelifjell.