Daniel Kroken frå Høydalsmo vann NM i racing i helga.
Daniel Kroken frå Høydalsmo vann NM i racing i helga.

Daniel (30) frå Høydalsmo er noregsmeister i racing

Då NM i racing gjekk av stabelen på Vålerbanen i helga stakk Daniel Kroken frå Høydalsmo av med sigeren i formel basic-klassen.

Sundag blei ein stor dag for den nokså ferske racekøyraren. Høysekken har berre køyrt i formel basic-klassen i to sesongar, men likevel slo han atten andre sjåførar i jakta om den største pokalen på Vålerbanen i helga.

– Kva skal ein seie. Det er litt uverkeleg. Ein har stått og mekka og styra på i verkstaden i lange tider, og så plutseleg så får ein nokon pokalar. Det er stas, seier Daniel.

Artikkelen held fram under annonsen.

Starta med simulator

I fleire år var den einaste racinga Daniel dreiv med simulator-køyring på PlayStation saman med tre kameratar. I fjor bestemte dei seg for å starte eit ekte racing-lag i staden.

– Me hadde tenkt på at me ville køyre litt ekte racing, og fann ut etter litt kikking på løp og økonomi at Formel basic var gjennomførbart. Me kjøpte to bilar, og er tre sjåførar som byttar på dei. 

– Det viser at simulator begynnar å bli veldig bra. Det er litt som å lære teorien, liksom. Det er absolutt overførbart. Det er så klart litt annleis, men det er så likt at det blir ei veldig fin tørrtrening.

Les også:Tok steget frå Playstation til racingbanen

Dermed blei Team Psynchro født. I tillegg til Daniel er sambygding Øyvind Nordahl, Ketil Thomassen frå Kristiansand og Asle Rugland Skjørestad frå Jæren med.

– Øyvind køyrer ikkje, men er med som altmoglegmann. Han mekkar litt og lagar filmsnuttar, mellom anna. Ketil er sjåfør og økonomiansvarleg, og Asle er sjåfør og fotograf. Det er i hovudsak eg som er mekanikar, seier Daniel.

Til dagleg arbeider Daniel på Lio Auto AS på Dalen. Han får ikkje fullrost arbeidsstaden nok for kor gode dei er til å legge til rette for teamet, med lån av utstyr og ein stor bil til å frakte racingbilane i.

– Det hadde ikkje gått utan dei, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Små, raske bilar

For dei av oss som ikkje forstår racing, forklarar Daniel kva som kjenneteiknar ein formel-bil.

– Dei har opne hjul (utan skjermar), og det er ikkje noko førarhus. Ein sit i luftstraumen med hjelmen. Det var ein våt fornøyelse under treninga på fredag. Bilen er også veldig liten, så det er berre plass til éin person, og knapt nok det. I tillegg sit ein veldig langt nede i bilen. Rumpa er sikkert berre åtte–ti centimeter over bakken.

Bilen Daniel køyrte inn til siger med har ein liten Ford 1,6 l Fiesta-motor som med om lag hundre hestar.

– Den var oppe i 180 km/t i helga. På dei raskaste banane kan den kome nærmare 200. Ein regel er at bilen skal vege 550 kilo med førar i bilen. Ein av sjåførane våre må ha blylodd i bilen for å bli tung nok, ler han.

Kviteseiding fekk tredjeplass

Daniel køyrer for sitt eige team, men òg for klubben NMK Vest-Telemark.

Det gjorde også kviteseidingen Trond Brekke (40) i helga. Han køyrer i GT5-klassa, som i motsetnad til dei små formel basic-bilane er vanlege bilar som er justert litt på. Han imponerte også stort på søndag, og stakk av med ein tredjeplass i noregscupen.