Dalen hotell
Dalen hotell

Dalen hotell bryt arbeidsmiljølova på 15 punkt

Arbeidstilsynet er overraska over at dei mellom anna fann brot på overtidsbruk og bruk av unge arbeidstakarar under ei gransking dei gjorde ved Dalen hotell.

Dalen

NRK Telemark melde måndag ettermiddag at Dalen hotell bryt arbeidsmiljølova på 15 punkt, noko ei gransking frå Arbeidstilsynet viser.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mellom anna er det grove brot knytt til arbeidstid som brot på overtid og lange arbeidsøkter, bruk av unge arbeidstakarar og hotellet syter ikkje for godt nok arbeidsmiljø og betalar ikkje tilsette for overtid, melde NRK Telemark.

Arbeidstilsynet er overraska over kva granskinga viser og seier at det er viktig at Dalen hotell tar tak i avvika og gjer noko med dei slik at dei får retta dette i tida som kjem.

Eigaren av Dalen hotell, Tor Morten Halvorsen, seier til NRK Telemark at han er overraska over rapporten, og legg seg flat for fleire av feila som Arbeidstilsynet har finne.

– Me vart forskrekka sjølv då me fekk rapporten, og ynskjer Arbeidstilsynet velkomne når som helst, men at dei fann 15 punkt er me overraska over. Det me veit er at nokre av punkta må me leggje oss heilt flate for, men mange av punkta vil ein kunne imøtegå med ein diskusjon med Arbeidstilsynet om korleis ein skal drive eit slikt sesonghotell. Nå skal me gå gjennom rapporten, så startar arbeidet med å lage eit meir vasstett system for dei komande sesongane på hotellet, svara Halvorsen.

Dalen hotell har frist 15. november til å kommentere rapporten.

tone.tveit@vtb.no