Prosjektleiar Aasmund Rinde.
Prosjektleiar Aasmund Rinde.

Dag Helge er nominert til entreprenørskapspris

Dag Helge Haslekås i Aspit i Seljord er blant dei nominerte til regionskåringa i EY Entrepreneur Of The Year i Porsgrunn.

EY (tidlegre Ernst & Young) kårar kvart år Noregs fremste vekstskaparar, som del av verdas største vekstskaparprogram i totalt 60 land. I oktober og november er det seks regionale kåringar. Den regionale kåringa er i Porsgrunn onsdag 17. oktober. 12 kandidatar går vidare til den nasjonale finalen i Oslo 3. desember.

Blant dei nominerte er Dag Helge Haslekås ved Aspit i Seljord.

Artikkelen held fram under annonsen.

Som ein hovudregel må eit selskap tilfredsstille «3X20» for å kvalifisere. Det vil seie minumum 20 millionar kroner i omsetning, 20 tilsette og 20 prosent vekst dei siste to åra. EY Entrepreneur Of The Year er ein personleg pris og det er vekstskaparen og ikkje selskapet som blir heidra, heiter det i ei pressemelding.

– Me ynskjer å framheve og inspirere personar som utstyrt med ein forretningside satsar kapital og karriere på å skape varige verdiar og arbeidsplassar heile samfunnet har nytte av. Den uavhengige juryen arbeider i desse dagar for å vurdere kandidatane, seier Ina K. Rosenberg, ansvarleg for EY Entrepreneur Of The Year i Noreg.

Kartlegginga i Agder-fylka, Vestfold og Telemark viste at det var 458 aktuelle kandidatar. Seks er nominsert i regionskåringa i sør. Onsdag blir det klart kven som går vidare til finalen i Oslo. Den nasjonale vinnaren representerer Noreg på den internasjonale finalen i Monaco neste sommar.

Aspit utviklar, forvaltar og driftar IT-system/programvare i helsesektoren.

VTB vitja Aspit i sommar:Ny teknologi løyser gamalt problem