annonse

Brukar Fyresdal som eksempel internt for å vise kor langt det faktisk er å køyre

Ingen tvil
Ingen tvil: Sigrid Dahl, lensmann i Midt- og Vest-Telemark, sa at det er ingen tvil om at politiet har vore for lite til stades i Fyresdal og Vest-Telemark. (Foto: Geir Ufs)

Lensmann Sigrid Dahl forstår ynsket i Fyresdal om meir og synleg politi. Nok ressursar er ei utfordring.

Geir Ufs

På det opne folkemøtet i Fyresdal sist fredag var det Sigrid Dahl, lensmann for Midt- og Vest-Telemark, som hadde dei avsluttande orda på arrangementet. Fyrst takka ho Hilde Martini Momrak for brevet ho sende til politiet – tankar, ulike hendingar og reaksjonar som også kom på trykk i fleire aviser.

– Brevet var veldig reflektert, beundringsverdig og balansert, og gjorde sterkt inntrykk på oss. Eg er veldig glad for at Momrak gjorde dette, fordi det gjev politiet moglegheit til å synleggjere det som openbart er ei problemstilling, ikkje berre i Fyresdal, men også i mange andre kommunar. Utfordringa for oss er nettopp å synleggjere at dette er noko som me må vere med på og ta tak i, sa lensmannen.

Dahl sa ho forstår at det er eit ynske i Fyresdal om meir og synleg politi.

– Det er ikkje nokon tvil om, slik det har blitt påpeika i media, at me har vore for lite til stades i Fyresdal og for lite til stades i Vest-Telemark. Dette er noko som ikkje berre de kjenner på, sa lensmann.

Fyresdal som eksempel

Ho fortsette med å seie at ho er så heldig å vere lensmann i heile Midt- og Vest-Telemark, det vil seie for åtte kommunar.

– Eg likar å skryte av at det utgjer 24 prosent av heile Sør-Øst politidistrikt som er Buskerud, Vestfold og Telemark. Det er ei utfordring likevel å få synleggjort internt i politiet kva det inneber. Eg plar ofte internt i politiet å bruke Fyresdal som eksempel på kor langt det faktisk er for oss å køyre for å klare å vere raskt nok til stades om det skjer noko, sa lensmannen.

Dahl var veldig glad og takknemleg for at det blei tatt initiativ til ein kveld som denne – som eit eksempel på at det er sett i gang eit haldningsskapande arbeid.

– Det er tragisk at det må ei slik hending til før det skjer noko, men som Momrak har vore inne på kan ein bruke denne hendinga til noko positivt og få noko ut av det, sa lensmannen.

Ho fortsette med at politiet veldig gjerne vil bidra framover, mellom anna å stø det haldningsskapande arbeidet i Fyresdal.

– Det er viktig for oss å få synleggjort kva politiet kan bidra med. Noko er mellom anna å opplyse kva regelverk som gjeld til lands, på vatn og i utmark. Det kan også hjelpe til å verke førebyggande, sa Dahl.

Så kom ho inn på det med synleg politi.

Ha samarbeid

– Eg er glad for å høyre at det opplevast at me har blitt meir synlege i det siste. Men me ynskjer ikkje berre å vere meir synlege akkurat nå. Me ynskjer å vere til stades, synlege og kunne respondere så bra som mogleg når det verkeleg trengst, og på dei rette tinga. Då er me heilt avhengig av eit godt samarbeid med alle dykk, rollemodellane, for å auke nærværet og auke oppdagingsrisikoen på dei mest alvorlege hendingane, sa lensmannen.

Dahl opplyste at ho har eit avgrensa tal politiressursar, og rekna med at folk har høyrd ho har klaga på at ein har for dårlege budsjett i politiet.

– Men me skal i alle fall gjere det me kan for å bruke ressursane så riktig som mogleg. Då er me heilt avhengig av informasjon frå dykk som tør å vere «ukule» og fortelje oss kva det er som faktisk skjer, når politiet bør vere til stades i bygda, og kva festar me kanskje ikkje ville fått vite om viss ikkje nokon tek den telefonen og fortel oss kva som skjer i bygda, sa lensmannen.

– Slik at me kan kome dit, kan førebygge og slik at me kan få tatt dei som vel å gje blaffen og likevel set seg bak rattet. Me er også med på den tanken om at me har ingen fleire å miste, fortsette lensmannen.

Synleggjere behovet

Elles nemnde Dahl at det politiet kan bidra med er å fortsette å halde trykket oppe internt inn mot politikarane – synleggjere utfordringane og behovet for politinærvær på land, vatn og i utmark og fjellheimen både i Fyresdal og heile Vest-Telemark.

Vidare nemnde Dahl at å vere meir til stades på vatnet er ei kjempeutfordring for politiet, som har berre éin båt til disposisjon i heile Øvre Telemark. Vidare må ein ta ut politiressursar av teneste på land for å vere på vatnet.

– Når somrane blir varmare er det openbart at det må me gjere noko meir med. Me skal ikkje har fleire slike hendingar som det som skjedde med Knut i Fyresdal i sommar, sa Dahl.

Ho presiserte at politiet gjerne vil bidra til det haldningsskapande og førebyggande arbeidet som er sett i gang i Fyresdal.

– Men me er heilt avhengige av godt samarbeid med dykk, sa lensmannen.

Dahl la til at ho håpar at alle aktivitetane som Fyresdal Røde Kors ynsker å få sett i gang er noko ein kan halde fram med i mange år framover. Vidare at dei kan spreie seg til alle kommunane i Vest-Telemark.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.