annonse

Blei avspist med lågare tilskot

Tilskot til tur
Tilskot til tur: Skreppa AS blei etablert i 2001, og driv med ulike typar bakst. Formannskapet stør verksemda med 15 000 kroner til å delta på Det Norske Måltid, NM til matprodusentane. Arkiv (Foto: Audny Barstad)

Somme i Kviteseid formannskap ville gje Skreppa AS 30 000 til reisa til mat-NM. Fleirtalet landa på halve summen.

Geir Ufs

Kviteseid

Skreppa AS ved styreleiar Ivar Lofthus har søkt Kviteseid kommune om 40 000 kroner i tilskot for å delta på Det Norske Måltid i Stavanger 10.–12. januar. Budsjettet for reisa til 20 tilsette og aksjonærar er på 90 000 kroner.

Det Norske Måltid kårar dei beste mat- og drikkeprodukta i Noreg, og blir kalla matprodusentane sitt NM. Lokalmatprodusenten Skreppa i Morgedal er ein av tre nominerte i finalen i kategorien bakst.

– Å vinne ein pris i Det Norske Måltid vil gje Skreppa ei velfortent påskjønning etter mange års innsats. Administrasjonen rår formannskapet å stø Skreppa med 4500 kroner per person for fem deltakarar; totalt 22 500 kroner frå næringsfondet, skriv sakshandsamar og næringssjef Elisabeth Lid.

I formannskapet sa Lid at søknaden er på grensa til kva næringsfondet skal dekke, og at det er litt drygt at det blir søkt om finansiering for 20 deltakarar.

Jon Ingebretsen (MDG) sa det er veldig viktig med omdømebygginga og ambassadøroppdraget som Skreppa har utover i landet. Han føreslo å heve løyvinga til 30 000 kroner.

Tore Åsland (Ap) syntest det var litt spesielt å løyve pengar for at nokon skal reise på tur. Han føreslo å stø reisa for tre personar, og at totalsummen blir 15 000 kroner frå næringsfondet.

Framlegget til Ingebretsen fekk røysta til Bjørn Nordskog (Sp) og falt. Det gjekk same vegen med tilrådinga frå rådmannen om 22 500 kroner.

Åsland sitt framlegg blei vedteke, etter at han fekk med seg ordførar Tarjei Gjelstad (Ap), Solveig Nekstad Grave (Ap) og Jonn Foldøy (KrF).

Som aksjonær i Skreppa sa Anne Birgit Sollid (Sp) seg inhabil til å vere med og behandle saka.

Det høyrer elles med å nemne at fleire politikarar syntest at å reise med 20 personar til Stavanger var eit høgt tal, men at det er viktig med gode ambassadørar på Det Norske Måltid.

Ordføraren hadde desse avsluttande orda om å avgrense tilskotet til tre personar:

– Me sender gode ambassadørar, men sender ikkje 20 ...

geir.ufs@vtb.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.