annonse

Åshild er det nye andletet til Monki

Stas:
Stas: Åshild Ringhus er modell for den nye haustkampanjen til Monki. (Foto: Skjermdump, monki.com)

VINJE/VERDA: Åshild Ringhus (21) frå Vinje frontar den nye haustkampanjen til den kjende, svenske kleskjeda Monki.

Line Omland Eilevstjønn

– Eg hadde heilt gløymt dette, eg, seier Åshild på FaceTime frå leilegheita i Bergen. Den sjarmerande Vinje-jenta hamna for alvor på kartet då ho stakk av med sigeren i realityserien Det Nye-jenta i 2014, og har sidan den gong skote fart som ei ny stjerne på modell-himmelen. I vår blei ho signert av både Team Models her heime i Noreg, og Wilhelmina i London og Miami. I tillegg er ho Noregs ambassadør for Maybelline.

I haust blir ho å sjå i storbyar over heile verda som andletet til haustkampanjen til den svenske kleskjeda Monki.

Kampanjen, som er kalla «Fall (in love)», består av ei rekke ulike haust-plagg, og det fyrste som møter dei som vil nettshoppe på monki.com er Åshild sitt blide åsyn.

– Eg var på denne shooten i starten av mai, og har vore veldig i feriemodus sidan. Eg er fjern òg, då. Då eg såg bilda så kom eg på det, ler ho.

Audmjuk modell

Åshild er, som mange veit, ei evig audmjuk sjel, og tek aldri på seg den einskilde æra for noko som helst. Den usakleg joviale modellen gjev eit ufeilbarleg og oppriktig inntrykk av at sjølv ikkje den største suksess i verda skal kunne få ho til å miste bakkekontakten.

Eksempel 1:

– Eg veit ikkje heilt kor stort dette er, men eg er vel ein liten del av kampanjen i alle fall. Det var veldig stas då eg såg det, då.

Eksempel 2:

– Det er ingenting som er meir stas enn å hamne i VTB. Eg måtte ringe til mamma og pappa med ein gong, og dei syntest det var så moro.

At akkurat Monki er ein av kjedane ho har landa ei stor avtale med, er Åshild veldig fornøgd med.

– Eg har lika dei så lenge, og synest dei har gjort så mykje fint. Dei har ein veldig fin og inkluderande visjon om å lage klede for alle i samfunnet, ikkje berre ein liten del. Det er det veldig stas å kunne vera ein del av. Dei leverer mykje meir breidde enn det eg var vane med å sjå då eg var yngre. Dei er ein stor del av den positive utviklinga som er i ferd med å skje i klesbransjen no, seier Åshild.

Tek studiepermisjon

I to år har Åshild studert juss i Bergen. Ho har vore usikker på om det er rett for ho, og har kome fram til at ho vil ta permisjon eit år og sjå kvar jobbinga vil føre ho.

– Ein veit aldri korleis livet blir, så det er viktig å ha det så bra ein kan kvar einaste dag. Eg vil prøve å få gjort alt eg har lyst til dette året. Det blir veldig moro og spennande.

Blogginga, som var det Åshild starta med aller fyrst som ung tenåringsjente heime i Vinje, har blitt litt nedprioritert den siste tida.

– Eg synest framleis det er artig, men gjer det mest når det passar meg og når eg har lyst. Det er betre slik, seier ho.

Modellbransjen blir ikkje alltid omtala som den enklaste staden å jobbe, men Åshild forsikrar at ho blir teken godt vare på.

– Eg føler meg så heldig, og tenker ofte at dette ikkje er verkeleg. Eg har vore så heldig med alle eg har jobba med, så eg har berre hatt gode opplevingar, heldigvis. Eg har så utruleg flinke og gode folk i ryggen. Ein høyrer jo så mykje forskjellig.

Utover hausten kjem Åshild til å dukke opp fleire stader, og resultata etter mykje jobb i vår vil vise seg. Det kan jo vera greitt for modellen sjølv, òg, i tilfelle ho skulle ha gløymt nokon av dei.

– Det har vore nokre oppdrag i Italia, ein shoot for nettbutikken Asos og så har eg jobba med nokon prosjekt i Noreg, då. Eg kosar meg.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.