Eivind Øygarden, betre kjent som Ivan Ave.
Eivind Øygarden, betre kjent som Ivan Ave.

Vinjes einaste rappar fekk gjev komponistpris

Eivind Øygarden/Ivan Ave frå Åmot har fått Edvard-prisen av TONO.

Saman med fire andre, deriblant popkomet og internasjonal yndling Sigrid Raabe, har Eivind Øygarden frå Vinje, betre kjent som Ivan Ave, vunne Edvard-prisen. Det er ein høgthengande komponistpris som årleg blir dela ut av TONO.

Øygarden får prisen for sitt andre soloalbum, «Every Eye», som kom ut i novermber i fjor. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Prisutdelingar er ikkje alltid lette å forstå. Eg har ofte eit ambivalent forhold til institusjonane som vil feire norsk musikk, og verdiane dei legg til grunn for kategorisering og kåring. Men å bli kåra til «årets utfordrar» av ein institusjon som TONO er ei stor ære, fri for ambivalens. Og eg trur ikkje det berre er fordi eg vann at eg ikkje er kritisk denne gongen, seier Øygarden onsdag. 

Kvar av vinnarane får 50 000 kroner, samt diplom og trofé utforma av Magne Furuholmen. Trofeet og diplomet er nytt av året, og er bestilt frå kunstnaren i høve prisen sitt 20-årsjubileum.

Edvard-prisane blei dela ut tysdag kvelde på Røverstaden i Oslo, der organisasjonen feira sitt 90-årsjubileum.

Les også:Med auge for det poetiske

Musikk av høg kunstnarisk kvalitet

TONO omtalar prisen som eit symbol på at ein artist har laga musikkverk og tekstar til musikk av høg kunstnarisk kvalitet, urframført det siste året. 

– Det er ein særs kompetent fagjury beståande av komponistar og tekstforfattarar, som har lytta til mykje musikk og diskutert seg fram til kva dei meiner er den kanskje aller mest velskrivne musikken frå fjoråret, seier kommunikasjonssjef i TONO, Willy Martinsen.

 – Årsaka til at TONO etablerte prisen for tjue år sidan var for å auke merksemda rundt norske komponistar og tekstforfattarar, og verdien av det arbeidet denne yrkesgruppa gjer. Prisen hjelper også med å auke nordmenn si forståing for, og kjennskap til, ny, norsk musikk, seier Martinsen.

Les også:Kunne vore kvedar

Artikkelen held fram under annonsen.

Juryen fullroser Ivan

Jurymedlemene får ikkje fullrost Øygarden nok. Dei meiner han har autoritet i den vokale framføringa si, og at han er sjølvsikker og tilbakelent. Han markerer seg i ein marknad med stor konkurranse. Dei meiner at «Every Eye» er botnsolid, og dei føler seg trygge på at me kan vente oss ytterlegare stordom frå Eivind Øygarden i framtida.

I grunngjevinga til juryen står det mellom anna: 

«Eivind Øygarden, betre kjent som Ivan Ave, har blitt eit anerkjent namn blant norske hip hop-kjennarar, sjølv om han albumdebuterte under eige nann så nyleg som i 2016. Med 2017-albumet «Every Eye» beviser han igjen at han er stilsikker og stødig.»

«Eivind lagar tidlaus hip hop – med lang haldbarheit. Instrumenteringen er sparsam og open, utan element som kranglar med kvarandre. Totalt sett lét det solid og heilskapleg. Dette er ikkje berre ei samling enkeltlåtar, dei er eit samla verk.»

«Tekstmessig høyrer me ein poet som har laga eit tekstunivers som er hans eige. Han har valt seg engelsk. Det er dristig for ein nordmann, då sjølv gode engelskkunnskapar ofte ikkje er godt nok for å lage truverdige tekster med utgangspunkt i amerikansk gatespråk. Me meiner han klarar det med glans.»