Marilén Sollie (t.v.), Signe Skaalen, Malin Sollid Hommo, Tor Øystein Gravdal og Malene Renate Sandvik Djuve er alle einige om at det er naudsynt med eit synlegare politi på Dalen. Alle

Ungdommane sjølve: – Ein føler jo at promillekøyring ikkje blir tatt på alvor av politiet

Dei tre elevane på Dalen Vidaregåande fortel at promillekøyring er utbreitt blant ungdomane. Dei etterlyser eit synlegare politi for å få bukt med problemet.

Marilén Sollie, Signe Skaalen og Malin Sollid Hommo går alle siste året på Dalen vidaregåande. Dei er bekymra over promillekøyringa i bygda.

– Det er utruleg mykje promillekøyring, og ikkje berre i helgene, seier Hommo oppgjeven.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etterlyser politiet

Med drukningsulukka i Fyresdal friskt i minne hadde jentene frå Dalen håpa og trudd på ei haldningsendring.

– Ein skulle tru det gjekk opp eit ljos for dei som fyllekøyrer etter ei sånn ulukke, men eg ser ingen endring diverre, seier Hommo.

For dei tre jentene meiner det er eit stort problem med promillekøyring på Dalen, og dei har sett eit tydeleg mønster.

Jakub Klemek (t.v.), Vebjørn Lio og Kjell Rune Sørlie fortel at dei blir fortald om rus og promillekøyring både på skulen og på ungdomsklubben.

– Det er nesten berre gutar som fyllekøyrer, seier Sollie.

– Ja, eg trur ikkje eg har sett nokon jenter som sit bak rattet. Jentene sit som regel på med dei som køyrer, legg Skaalen til.

Jentene oppfattar at dei fleste synest det er vanskeleg å konfrontere dei som køyrer med promille. Hommo fortel likevel at ho ved fleire tilfelle har konfrontert nokon med promille som skal til å sette seg i bilen.

– Eg har tatt nøklane til fleire, og deretter ringt politiet, seier ho.

Politiet, eller mangel på politi er ei av hovudårsakene til problemet ifylgje jentene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har ringt fleire gonger utan å kome gjennom. Eg høyrer om fleire som slit med å få kontakt med politiet, så det er eit velkjend problem, seier Hommo.

Dei tre 18-åringane seier at det primært er politiet som skremmer promillekøyrarane.

– Eg trur meir kontrollar er ein del av løysinga her. For det er diverre slik at fyllekøyrarane er mest av alt redd for å miste lappen, seier Hommo.

Hommo som sjølv ynskjer å bli politi meiner det er kritisk at politiet ikkje har moglegheit til å vere meir tilgjengelege.

– Ein føler jo at promillekøyring ikkje blir tatt ordentleg på alvor når ein ikkje kjem gjennom, seier ho.

Dei tre jentene som blir russ til våren har bestemt seg for eit tiltak for å forhindre promillekøyring i russetida deira.

– Me skal ikkje ha noko promillekøyring, så difor har me tenkt å kjøpe inn ein promillemålar så alle sjåførane må testast før dei byrjar å køyre, seier Skaalen.

Førebyggande arbeid

Ungdomsarbeidar i Tokke, Tor Øystein Gravdal, har drive den populære ungdomsklubben på Dalen i 16 år. Han reagerer kraftig på situasjonen jentene beskriv.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er skremmande å høyre. Det er tydeleg at det er behov for synlegare politi her, seier han.

Ungdomsklubbleiaren har likevel eit godt forhold til politiet.

– Eg er usikker på kva eg synest om politireforma, men eg må likevel seie at eg har eit positivt samarbeid med lokalpolitiet her, seier Gravdal.

Ungdomsklubben på Dalen er ope tre dagar i veka, og Gravdal anslår at den er blant dei mest besøkande. Dei har ifylgje han eit stort fokus på førebyggande arbeid innan rus og promillekøyring, og han har tru på at haldningane kan endrast.

– Me førebygger heile tida med lesestoff og aktivt prate med ungdomen. Dei seinaste åra synest eg me har byrja å sjå ei endring blant ungdomsskuleelevane. Før bruka ungdomane å reise når politiet kom, men no synest dei det berre er morosamt når dei kjem, seier Gravdal.

Tre av ungdomane som var på klubben denne tysdagen var Jakub Klemek, Vebjørn Lio og Kjell Rune Sørlie. Dei set alle stor pris på ungdomsklubben, og dei er her på nesten alle opningsdagane.

– Det er eit godt tilbod her med mange aktivitetar, seier Klemek.

Sjølv har dei ikkje så mykje kjennskap med promillekøyring, men Sørlie fekk teste nokon promillebriller nyleg. Dei skal gje eit syn som svarar til ein promille mellom 0,8-1,5.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg testa bilspelet med dei brillene, og det var nesten umogleg å styre, seier han.

magnus@vtb.no