Astrid Tjønn (t.v.), Frøya Skarprud, Ylvali Skarprud, Margit Kostveit, Ane W. Slåtta, Emma K. Bråstøyl, Kaja J. Olsnes, Anne H. Midtbø, Helbjørg V. Nygård, Torjus M. Ljostad, Einar H. Teigen og Alfhild A. Kleven.

Tok den kinoaktuelle barneboka til teaterscenen

Laurdag kveld hadde teatergruppa i Vinje premiere på «Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen» på Vinjehuset. Og det var ikkje eitt ledig sete i festsalen.

Teaterbarna ved kulturskulen i Vinje har arbeidd med framsyninga sidan september i fjor. Kvar veke har dei øva i om lag to timar, og dei var veldig spente før sceneteppet gjekk opp laurdag kveld.

Salen var fylt til randen av spente tilskodarar, og i meir enn tre kvarter underheldt Morten Skogmus, Klatremus, Mikkel Rev, Bakerguten, Bakermester Harepus, Kråka og resten av gjengen med morosam dialog og fin song.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skodespelarane involverte publikum fleire gonger, og fekk ivrige svar frå dei minste tilskodarane.

Etter at siste strofe var sunge og dei unge aktørane hadde forsvunne bak scenen, kunne kulturskulerektor Anders Blystad melde om ein fornøgd gjeng.

– Barna var veldig fornøgde og stolte! Me hadde nokre øvingar i forkant som ikkje gjekk heilt bra, men dei skjerpa seg utruleg mykje til premiera, seier kulturskulerektoren. 

Torjus M. Ljostad.
Torjus M. Ljostad.
Her prøvar Bakergutten å vise Bakermester Harepus at han hugsar Peparkakebakesongen akkurat slik han fekk høyre han, sjølv om peparkakene smaka forferdeleg vondt.
Her prøvar Bakergutten å vise Bakermester Harepus at han hugsar Peparkakebakesongen akkurat slik han fekk høyre han, sjølv om peparkakene smaka forferdeleg vondt.
Anne H. Midtbø sjarmerer heile salen med si håse og ljose røst.
Anne H. Midtbø sjarmerer heile salen med si håse og ljose røst.
Songane Klatremus syng for Mikkel Rev medan han gøymer seg oppe i treet er eitt av høgdepunkta i framsyninga.
Songane Klatremus syng for Mikkel Rev medan han gøymer seg oppe i treet er eitt av høgdepunkta i framsyninga.
Mikkel Rev smakar på peparkakene etter at han har kjøpt dei i staden for å stele dei. Det viser seg at Bakermester Harepus har heilt rett, dei smakar jammen betre når dei er betalt for.
Mikkel Rev smakar på peparkakene etter at han har kjøpt dei i staden for å stele dei. Det viser seg at Bakermester Harepus har heilt rett, dei smakar jammen betre når dei er betalt for.