Marie Tveitereid Midtsund (t.v.), Svein Dag Midtsund og Gunnar Bjerke Osen viste ei solid førestilling med eit like solid musikalsk akkompagnement frå musikarane Torgeir Hefre, Knut Eirik Hult, Erling Eriksen og Oddbjørn Aase. 	Alle
Marie Tveitereid Midtsund (t.v.), Svein Dag Midtsund og Gunnar Bjerke Osen viste ei solid førestilling med eit like solid musikalsk akkompagnement frå musikarane Torgeir Hefre, Knut Eirik Hult, Erling Eriksen og Oddbjørn Aase. Alle

Tett på 600 fekk med seg revyen om vesttelen

Tre gonger fylte dei kulturhuset til randa med den fantastiske framsyninga «Vesttelemarkingen» i helga som var. No leikar trioen med tanken på ei ny framsyning til våren.

Dei tre aktørane på scenen hadde skrive manuset sjølve, og tok i helga tett på 600 publikummarar med på ei reise der rungande latter blanda seg med ettertanke og treffande kommentarar – for jau då, dei har heilt rett, vesttelen er kanskje ikkje den med flest ord.

– Kva tenker de om responsen?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var overveldande å komme heim og fylle Sundvang med folk. Veldig rørande at så mange ville sjå på oss, seier Marie Tveitereid Midtsund.

Ho er busett i Molde, og fortel at ho kjenner ein veldig sterk kjærleik for Kviteseid og Vest-Telemark.

– Me hadde lagt inn ein del om den skvisen ein kan kjenne på når ein har flytta ut, men likevel ha så sterk kjensle av å høyre til – akkurat slik som me siterte frå diktet Snø og Granskog av Tarjei Vesaas: «kjenne så det fer i ein, kva det er å vere der ein høyrer til».

Marie Tveitereid Midtsund imponerte både med gode tekstar og song.
Marie Tveitereid Midtsund imponerte både med gode tekstar og song.
Vesttelen Ola (Svein Dag Midtsund) hadde gjort eit kupp og sikra seg den matglade kvinna Borghild vestjordet (Gunnar B. Osen).
Vesttelen Ola (Svein Dag Midtsund) hadde gjort eit kupp og sikra seg den matglade kvinna Borghild vestjordet (Gunnar B. Osen).
Svein Dag Midtsund om samarbeid i Vest-Telemark.
Svein Dag Midtsund om samarbeid i Vest-Telemark.

Ho tenker at arbeidet med manuset til framsyninga har fungert som ei slags tilarbeiding av å ha flytta heimanfrå, å kronisk lengte heim, men (enno) ikkje kome heim.

– Eg saknar menneska, bygda og kva bygda har å tilby, ansvaret for kvarandre, at ein kjem tett på, at ein i større grad møtest over generasjonar, naturen og kanalen. Men så er det også mogleg at eg romantiserer det, seier ho.

Marie siktar til den delen av framsyninga som omhandla dilemmaet «lengtar heim, men flytter aldri heim» som også kan symbolisere livet i seg sjølv, meiner ho.

– Lengte etter sin eigen barndom og tryggleiken på ein liten stad og store spørsmål om val i livet som er og blir vanskelege. Men me prøva også å streke under reelle verdiar ved Vest-Telemark spesielt og bygda generelt. Mykje i vår tid blir styrt av fri marknad og sentralisering. Kva kan gå tapt? Ansvaret for kvarandre? Reelle verdiar knytt til anna enn pengar, i vår tid- viktigheita av berekraft- ta vare på jorda og matjorda og kortreiste og bebudde bygder kan vere bra for miljøet både på verdsbasis og for den enkelte, meiner ho.

– Kva tilbakemeldingar har de fått etter framsyninga?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har vore mange positive tilbakemeldingar, og me leikar med tanken om ein ny runde til våren – kanskje ein annan stad i Vest-Telemark, seier Midtsund.