Jo Vemund Svendsen frå Vinje har, saman med Petter Sommer, laga filmen «For vi er gutta» som har kinopremiere i dag. Bildet er frå 2012 då VTB møtte den dåverande P4-medarbeidaren.
Jo Vemund Svendsen frå Vinje har, saman med Petter Sommer, laga filmen «For vi er gutta» som har kinopremiere i dag. Bildet er frå 2012 då VTB møtte den dåverande P4-medarbeidaren.

Strålande kritikkar til Jo Vemunds film

Jo Vemund Svendsen, opphavleg frå Vinje, har – saman med Petter Sommer – skrive manus og har regi på «For vi er gutta» som har kinopremiere i dag.

Aftenposten, Adressa, Stavanger Aftenblad, Fædrelandsvennen, Gudbrandsdølen Dagningen, Hamar Arbeiderblad og Klassekampen har alle trilla ein femmar på terningen etter å ha sett filmen om mannskoret som Svendsen og Petter Sommer har skrive manus og hatt regi på. Dei to møttest som journaliststudentar og debuterer båe på lerretet med denne kinodokumentaren.

Svendsen voks opp i Vinje. Han har tidlegare jobba i VGTV, NTB og P4. Sidan 2016 har han vore dokumentarist i Fenomen TV Film og Scene. Han har tidlegare vore journalist og researchar for «En liten øy i verden» som vann Gullruten for beste nyheitsprogram i 2012.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om filmen «For vi er gutta»: Kvar tysdag samlast rundt 25 kameratar for å drikke øl, fortelje vitsar og … synge fleirstemd. «Mannskoret» blei starta av DumDum Boys-vokalist Prepple Houmb og fleire andre for neste femten år sidan. Bak lukka dører på Kampen Bistro i Oslo kan gutta vera seg sjølve i si eiga humoristiske frisone og synge rock og punk, og ein sjeldan gong litt «ordentleg musikk».

Nå har Mannskoret fått sin største og mest absurde spelejobb nokon gong; dei skal varme opp for sjølvsate Black Sabbath framfor 10 000 menneske. Men på bakrommet er det trøbbel: Ein av gutta i koret har kort tid igjen å leve og rekk kanskje ikkje den store konserten. Spøken om at målet med koret at medlemmene skal synge i kvarandre sine gravferder, har plutseleg blitt alvor. Nå får songgleda, humoren og brorskapet i koret større meining enn gutta nokon gong kunne førestille seg.