Marie Tveiten (bak til høgre) og bandkameratane er ute med sitt tredje album, «Blinding Blue Neon».
Marie Tveiten (bak til høgre) og bandkameratane er ute med sitt tredje album, «Blinding Blue Neon».

Strålande kritikkar til det tredje albumet til The Northern Belle

Det oslobaserte bandet imponerer musikkanmeldarane med «Blinding Blue Neon».

Marie Tveiten (25) frå Seljord gler seg over mottakinga av tredjealbumet til bandet The Northern Belle, der ho står for vokal og gitar. Tidlegare denne månaden kom «Blinding Blue Neon», og anmeldarane var frå seg av glede. Aftenposten trilla ein sekser på terningen, og kalla det «countrymusikk av ypperste merke». DN skriv at plata kjem til å bli liggande på platespelaren lenge. 

Frå øvingslokalet til radioen

Tveiten sjølv fortel at ho er veldig stolt av albumet – noko ho ville vore uansett korleis mottakinga hadde vore. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er veldig tilfredsstillande å vera ferdig med eit album me har jobba så lenge med. Eg føler meg heldig som får spele med denne flotte gjengen. Me starta opp for fem år sidan, og det har vore spennande å vera med på prosessen frå å stå på øvingslokalet og snekre sammen dei fyrste låtane, til å sitte på kjøkkenet mitt på Torshov og høyre dei på radioen.

– Det har vore hard jobbing frå starten av, og me har alle som ein satsa på dette prosjektet. Ekstra stas er det då at albumet me gav ut blir så godt mottatt. Uansett kva anmeldarane hadde sagt om albumet, kjenner eg at eg er stolt over det arbeidet me har gjort. Likevel er det stas å høyre frå  nokon som jo har høyrt litt på musikk, at det me lagar er verdt å ha i platesamlingen, seier Tveiten. 

Eagles + Kacey Musgraves

The Northern Belle har sett seg i bilen og køyrt frå Nashville til San Francisco. Dei søte pop-countrytonene er framleis godt representert, men med ei frisk bris av sjøluft. Det er som om Eagles hadde hatt Kacey Musgraves og Jenny Lewis som låtskrivarar og gjestevokalistar, heiter det om albumet.

Dei siste åra har dei vore mykje på farten, bandet har spela mellom anna med Marit Larsen, Darling West, Bendik Brænne og Torgeir Waldemar i Die With Your Boots On All-star Countryband. Medlemmene i bandet har også spela fast med artistar som Daniel Kvammen, Silver Lining, Nico & Vinz, Comet Kid, Kurt Nilsen og fleire.

I tillegg til Tveiten, består Northern Belle av Stine Andreassen (vokal/gitar), Svein Inge Bjørkedal (trommer/perkusjon), Bjørnar Ekse Brandseth (elgitar/pedal steel), Johanne Flottorp (hardingfele/fele/kor), Yngve Jordalen (bass) og Ole-André Sjøgren.