Felleskorpset frå Flatdal, Seljord og Kviteseid. Dirigent Oddbjørn Aase. (Sjå video nedst i saka)
Felleskorpset frå Flatdal, Seljord og Kviteseid. Dirigent Oddbjørn Aase. (Sjå video nedst i saka)

Spela jola ut med Bowie

Det blei ein musikalsk festeftan på Granvin i Seljord då kor, korps, musikarar og dansarar viste fram kulturlivet på den årvisse konserten.

Det har blitt ein fin tradisjon å sope ut jola med 20. dagskonsert på kulturhuset i Seljord.

I tillegg til Seljord songlag, elevar frå dei ulike linene ved Seljord folkehøgskule og Flatdal og  Seljord skulekorps er hornmusikken frå Kviteseid med som aktørar på den musikalske reisa nokre kveldstimar 20. dagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og me startar med stjernene våre, innleidde kveldens programleiar Eldbjørg Lognvik før ho gav ord og tonar til dirigent Villy Aufles og 16 stolte og flotte korpsaspirantar frå Flatdal, Seljord og Kviteseid.

Musikantspirene tok publikum med innom både rock og blues før elevar frå Seljord folkehøgskule tok over stafettpinnen og framførte materiale frå musikalen dei viste på Granvin i haust, og freista med smakebitar frå den komande framsyninga dei skal ha på kulturhuset 25. mars.

Storband

Dei tre korpsa hadde øvd fleire gonger før konserten, og temaet for repertoaret var storband.

Seljord songlag framførte fleire melodiar, både med engelsk og norsk tekst. På låta «Like I’m gonna lose you» hadde songlaget med Ina Kathrine Vefall (fremst) som solist.
Seljord songlag framførte fleire melodiar, både med engelsk og norsk tekst. På låta «Like I’m gonna lose you» hadde songlaget med Ina Kathrine Vefall (fremst) som solist.
Dei yngste musikantane frå korpsa i Flatdal, Seljord og Kviteseid opna konserten med fem låtar.
Dei yngste musikantane frå korpsa i Flatdal, Seljord og Kviteseid opna konserten med fem låtar.
Seljord songlag hadde Ina Kathrine Vefall som solist på låta «Like I’m gonna lose you».
Seljord songlag hadde Ina Kathrine Vefall som solist på låta «Like I’m gonna lose you».
Elevane ved Seljord folkehøgskule framførte fleire låtar acapella under leiing av musikklærar Marit Lien Homme (t.v).
Elevane ved Seljord folkehøgskule framførte fleire låtar acapella under leiing av musikklærar Marit Lien Homme (t.v).
Musikalgruppa frå Seljord folkehøgskule
Musikalgruppa frå Seljord folkehøgskule

– Seljord songlag har eksisert sidan 1988, men her har de 2017-utgåva, introduserte Olav Haugsvold. Koret tok dei frammøtte med på fleire vakre framføringar der mellom andre Ina Kathrine Vefald var solist og trompetistane Gjertrud Raftevold Rue, Julie Nilsen og Gunn Steinstad var solistar på ein vakker framføring av nordnorsk julesalme.

Bowie i finalen

Dirigent, arrangør og komponist Oddbjørn Aase frå Flatdal hadde latt seg inspirere av ein av David Bowies største hitar «Lets dance», ein låt og eit album gjeve ut i 1983. Til konserten fredag hadde Aase sett saman eit nytt arrangement av låta der alle kveldens aktørar blei inkludert. I tillegg til alle dei musikalske kreftene kom også dansarar frå folkehøgskulen med på songen.

– Eg blir veldig stolt av at me har eit så breitt spekter av musikalske krefter i Seljord, og det er gledeleg at me har ein folkehøgskule i bygda med dyktige elevar som også bidreg på konserten, takka ordførar i Seljord, Halfdan Haugan.