annonse

Skrivespirer vitja diktarheimen Midtbø

Litterær dag
Litterær dag: Avslutninga på Midtbø. Liv Hauglin Kaasin (f.v.), Benedikte Nes, Marte Nedrebø, Hilde Vesaas, Ursula Van Dam, Juan Guttierrez og Araceli Guttierrez. (Foto: Kari Smeland)
Høgtlesing
Høgtlesing: Liv Hauglin Kaasin les ein tekst om ein dramatisk fjelltur. (Foto: Kari Smeland)
: (Foto: )

Då Benedikte Nes og Juan Guttierrez bestemte seg for å skipe til skrivekurs var dei usikre på om det var noko særleg interesse for det. Men i vår har om lag tjue personar med skrivekløe møttest to gonger i veka.

Kari Smeland

_ vinje

På laurdag var det tid for ei stemningsfull avslutning for skrivekurset. Når ei forsamling litteraturinteresserte med røter både i Vest-Telemark og den store verda kjem saman, passar vel ingen stadar betre enn diktarheimen Midtbø i Vinje.

– Fantastisk

Araceli Guttierrez har flytta frå Mexico City til Arabygdi. Nå har ho gått på skrivekurs for å bli betre i norsk.

– Det har vore kjempefint. Eg var litt nervøs for å lese høgt for dei andre, men me hjelpte kvarandre for å bli betre, fortel Guttierrez.

Ursula Van Dam er født på Grønland, er frå Danmark, men har budd på Dalen i 12 år. Ho set pris på ein tur til Midtbø.

– I seinare tid har eg blitt veldig glad i Halldis Moren Vesaas, og har prøvd å jobbe meg gjennom heile forfattarskapen. Tarjei Vesaas er meir krevjande og det er meir mellom linene hos han. Moren Vesaas har ei kvinneleg vinkling, eg synest ho skreiv fantastisk, seier Van Dam som sjølv skriv dikt.

– Skrivekurset har vore heilt fantastisk, både organisering og undervisninga. Ein må vere litt trygg når ein skal lese det ein har gjort for andre, og me har fått ein fin tilhøyre i gruppa.

Flytta på grunn av Tarjei

Forfattar og skrivelærar Juan Guttierrez flytta frå Mexico til Vinje i 2008 fordi han ville omsetje romanen «Fuglane» av Tarjei Vesaas til spansk. Han har samarbeidd med barnebarnet til forfattaren, Hilde Vesaas, om prosjektet og boka er nå klar i spansk språkdrakt. Guttierrez håpar boka blir gjeve ut i nær framtid.

Det var han som saman med bibliotekar ved Tokke bibliotek, Benedikte Nes, tok initiativ til skrivekurset og søkte Nasjonalbiblioteket om midlar.

– Det er fleire som skriv enn eg trudde. Mange har talent, og om ein jobbar hardt er det dei to tinga som skal til for å bli forfattar, fortel Guttierrez.

– Det har vore eit veldig spennande prosjekt. Vest-Telemark har ein sterk skrivartradisjon og me har leigd inn lokale forfattarar som Kjersti Rorgemoen og Hans Petter Blad som foredragshaldarar, seier Nes.

– Me ønskte også at det skulle vere for både norske og utanlandske, og det har fungert veldig godt, avsluttar Guttierrez.

Latter og alvor

Deltakarane har kome saman to gonger i veka på Dalen og Fyresdal i heile vår. Til saman har om lag tjue personar delteke, og dei har også hatt ein tur til litteraturfestivalen Bøker i Bø saman.

– Interessa for kurset var over all forventing. Den er drive av gleda over litteraturen, og er også med på å aktualisere litteraturen, fortel Nes.

Liv Hauglin Kaasin frå Dalen er fyrst ute med å lese høgt for dei andre. Ho les ei dramatisk historie om ein fjelltur som ikkje ender godt. Neste ut er Ragnhild Lie Berg frå Fyresdal som les høgt frå ei oppgåve dei fekk på kurset, nemleg å skildre ein karakter. Historia er humoristisk og ber tittelen «Kontorsjefen». Stort spenn er det altså i den litterære produksjonen frå skrivespirene, og Nes opplyser om at dei arbeider med å samle tekstane i ein antologi.

kari.s@vtb.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.