Mange nytta høvet til å handle jolekort og sjå på bileta som Anne Sanden frå Vrådal har laga.
Mange nytta høvet til å handle jolekort og sjå på bileta som Anne Sanden frå Vrådal har laga.

Samla kreativiteten på jolemesse

Det var mange fine jolegåver å finne på kulturhuset i Kviteseid laurdag då lokale krefter laga jolemesse for fjerde gong.

Lokale krefter skipa til jolemesse på Sundvang kulturhus i Kviteseid laurdag. Ei rekkje utstillarar hadde møtt fram for å selje alt frå bakst og heimesydde klede til velværeprodukt, strikkekunst og vakre pyntegjenstandar.

På kjøkkenet hadde elevar frå 9.-klasse ansvaret for å servere gjestene som kom innom både mat og drikke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Måla i mange år

Anne Sanden frå Vrådal var ein av utstillarane som gjesta jolemessa for fyrste gong med ei rekkje måleri, akvarellar og trykk.

– Eg har måla sidan 1970-talet. Eg minnest godt det fyrste biletet eg måla, som eg gav bort til onkelen min. Måleriet var av småbruket Engnes der han budde, og biletet fekk han på 60-årsdagen sin, fortel Sanden.

På jolemessa kunne ein finne gjenstandar både til seg sjølv og flotte gåver til store og små.
På jolemessa kunne ein finne gjenstandar både til seg sjølv og flotte gåver til store og små.
Jolepynta fyrstikkøskjer var eitt av dei flotte produkta ein kunne kjøpe på jolemessa.
Jolepynta fyrstikkøskjer var eitt av dei flotte produkta ein kunne kjøpe på jolemessa.

På jolemessa hadde ho med både motiv frå Vrådal og Sørlandet, portrett og stilleben.

Nytt jolekort

Dei siste åra har Sanden laga eit nytt jolekort klart til førjolstida. Slik blir det også i år.

Ho rakk ikkje å bli ferdig med årets kort til jolemessa på Sundvang, men mange sikra seg nokre eksemplar av tidlegare kort.

Når jolegata blir tent og Vrådal og Fyresdal målarklubb opnar årets joleutstilling i Galleri Samvirke, i Vrådal sentrum, vil det nye jolekortet vere klart.

Artikkelen held fram under annonsen.

– På fleire av jolemotiva mine går den svarte labradoren Hasse att saman med nissevenene sine. I år har Hasse fått seg kjærast, ein flott golden retriver, smiler Sanden og vonar at mange vil ta turen innom målarklubbens joleutstilling.