annonse

Romankunstnaren haustar gode kritikkar

Leseoppleving
Leseoppleving: Romanen «Rød mann/Sort mann» blir karakterisert som ei mektig leseoppleving. Arkiv (Foto: Anne Sofie Tresland)

Kim Leine (57) frå Seljord, busett i Danmark, har skrive ein ny roman frå Grønland. Boka blir omtala som eit meisterverk.

Anne Sofie Tresland

«Før noen dør sørger man på forskudd. Man sørger helt fra det øyeblikket noen blir født.»

Orda er åndemanaren Aappaluttoq sine, han som er den raude mannen i romanen «Rød mann/Sort mann». Den svarte mannen er presten Hans Egede, også kalla Grønlands apostel.

– Episk storverk

Den nye romanen er ein frittståande oppfylgjar til «Profetene i Evighetsfjorden», som forfattaren fekk Nordisk Råds litteraturpris for i 2013. I det episke storverket fylgjer me den danske koloniseringa av Grønland i fyrste halvdel av 1700-talet.

Mange avismeldarar har gjeve romanen toppkarakter.

– Kim Leine har skrive ein ny storslegen roman om Grønland på 1700-talet og den ulykksalige «koloniseringa» av øya. Den dystre, grusomme historia tvingar fram både medkjensle og eit hav av ettertanke, meiner meldaren i Verdens Gang, Arne Hugo Stølan.

Han synest årets roman nærast overgår den fyrste i breidde og intensitet.

Også Odd W. Surén i Dag og Tid er begeistra, og meiner forfattaren har prestert romankunst av høg klasse.

– Leine skriv i eit saftig språk og auser or ein utømmeleg brønn av kunnskap, er godorda frå bokmeldaren.

Villskapen

Danske meldarar er også overstrøymande.

–Magisk. Kim Leine har overgått seg sjølv, skreiv Jyllandsposten, medan Weekendavisa omtalar romanen som vill – og vilt god.

Noko av villskapen peikar også Bjarne Tveiten i Fædrelandsvennen på.

– Det er ei historie som stinkar, både bokstavleg og i overført forstand. Av sveitte, brennevin, lik og død. Og av etnisk hovmod, religiøs fanatisme og rasisme.

Boka er utgjeven på Cappelen Damm forlag, og det er forfattaren sjølv som har omsett romanen frå dansk til norsk.

anne.tresland@vtb.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.