Marie Midtsund, Gunnar Bjerke Osen og Svein Dag Midtsund kjem til Dalen med Vesttelemarkingen 5. dag jol.
Marie Midtsund, Gunnar Bjerke Osen og Svein Dag Midtsund kjem til Dalen med Vesttelemarkingen 5. dag jol.

Ny sjanse til å få med seg Vesttelemarkingen

5. dag jol får dei som ikkje fekk med seg framsyninga om Vesttelemarkingen på Sundvang i Kviteseid i november to nye sjansar.

Gunnar Bjerke Osen, Svein Dag Midtsund og Marie Midtsund fylte kulturhuset i Kviteseid tre gonger. Nesten 600 menneske fekk med seg Vesttelemarkingen. I ettertid har fleire etterlyst ekstraframsyningar, og trioen hadde døra på gløtt då applausen hadde gjeve seg førre månad.

– Me leikar med tanken om ein ny runde til våren – kanskje ein annan stad i Vest-Telemark, sa Marie Midtsund til VTB etter helga på Sundvang.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men vesttelane treng ikkje vente på Vesttelemarkingen heilt til våren. Trioen skal nemleg ha to framsyningar på kulturhuset på Dalen når det tradisjonen tru blir invitert til 5. dagsfest med revy på Dalen.

– Tokke teaterlag har tatt eitt års pause. Åmdal/Tokke fotballgruppa fekk ansvaret for å halde tradisjonen oppe, og me er svært glade for at me får trioen frå Kviteseid på besøk, seier Anette S. Småbrekke, leiar i fotballgruppa.

Ho varslar at billettsalet startar i midten av desember.

Les også:Tett på 600 fekk med seg revyen

Les også:Korleis er vesttelen, eigentleg?