I desse dagar er Rune Sanden ute med albumet «Til Jakt På Lykka» på norsk, og i eige namn. No satsar han på musikken, og gler seg til fleire spelejobbar framover. (Arkiv
I desse dagar er Rune Sanden ute med albumet «Til Jakt På Lykka» på norsk, og i eige namn. No satsar han på musikken, og gler seg til fleire spelejobbar framover. (Arkiv

– No satsar me for fullt

Rune Sanden frå Treungen gjev i desse dagar ut sitt fyrste album på norsk – albumet «Til Jakt På Lykka» er laga heime i kjellaren.

Etter ni år som ein del av bandet «Modesty» gjekk Rune Sanden (42) solo i fjor, og bytte ut engelske tekstar med norske.

Rune Sanden band består av storebror Hans Tore Sanden- gitar og kor, Jan Thomas Moen- bass og kor, Einar André Rørvik- tangent, Carl-Erik Hansen-trommer og Rune Sanden- gitar og song.

Artikkelen held fram under annonsen.

Variert

Albumet «Til Jakt På Lykka» består av 11 ulike og varierte songar som dei no har sleppt på Spotify og Tidal. Låtane «Sjampanje» og «Mykje Vil Ha Meir», som Sanden gav ut i fjor vår, har no fått selskap av fleire låtar – alt i frå rolege melodiar med vakre, og såre tekstar til rocke-låtar med høgt tempo.

– Me har hatt fokus på at albumet skal vere variert, og at det skal vere fint nok for jentene og tøft nok for gutane. Me ønsker at det skal vere musikk, og tekstar som dei fleste kjenner seg igjen i, fortel Rune, og fortset.

– Me er veldig stolte av det me har fått til. Det er utruleg moro. Eg har spela dei fleste instrumenta sjølv, men har fått veldig god hjelp av dei andre i bandet til det eg ikkje er så flink til, som trommespel, tangent, produsering, miksing og mastring. Albumet er spelt inn i studioet mitt heime i kjellaren.

– Korleis var overgangen frå å synge på engelsk til norsk?

– Det var frykteleg ekkelt i starten. Stemma blei veldig annleis. Eg syntest eg hadde meir fylde i stemma då eg song på engelsk. Det blir nærare og meir kjenslevart å synge på norsk (enn engelsk) . Bodskapen i songen kjem meir tydeleg fram. Eg legg meir vekt på teksten no enn før, for no skjønar alle kva eg syng, smiler han.

Gjev alt

Med eit steg i ei ny retning og nytt album er Rune Sanden, og bandet hans klare for å gje alt og satse på musikken – for fullt.

– Eg har aldri heilt turt å ta sjansen. Eg er nok litt pysete av meg. Musikken er ein stor del av meg, men fram til no har familien kome fyrst. No er ungane blitt større, og det er enklare å stikke i frå. No føler eg meg klar, og det er på tide å satse. Dei andre i bandet er einige. No satsar me for fullt, og skal spele fleire stader i Vest-Telemark og omland i sommar. Det gler me oss veldig til, seier Rune Sanden.