Irmelin Trøite, vokal, Symre Taugbøl Bang, gitar, Halvor Edland, piano, Jakob Bratland Nilsen,  trommer og Laurynas Lamsodis, bass.
Irmelin Trøite, vokal, Symre Taugbøl Bang, gitar, Halvor Edland, piano, Jakob Bratland Nilsen, trommer og Laurynas Lamsodis, bass.

Musikalsk reise til verdsrommet

Fleire ekstra stolrekkjer måtte fram – og det fortente verkeleg dei 130 kulturskuleelevane i Vinje som tok dei frammøtte med til verdsrommet på årets vårkonsert.

Jamt over høgt nivå, og ein konsert som blei bunden saman på aller beste vis av tydelege og flotte konferansierane Alfhild Aspelin Kleven, Ane Slåtta og Torjus Ljostadmed mange historiske tilbakeblikk og kommentarar knytt mot kveldens tema: Verdsrommet.

Årets vårkonsert på Vinjar fekk alle dei 130 kulturskuleelevane til å skine som stjerner på scenen. Dei frammøtte fekk servert alt frå gamle musikalske klassikarar og rockelåtar til modernisert hardingfelespel i Star Wars-tema, trommesoloar, gitarspel, vakker song, pianospel, trompetsolo, kveding og joik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjå livet frå ei anna side

Til trampeklapp frå salen blei dei unge utøvarane heidra, og så måtte dyktige læremeistrar i kulturskulen, mannskap for scene, lyd og ljos også fram for å ta imot fortent takk.

– Det er viktig å ta eit steg til sida av og til – sjå livet frå ei anna side. Sjå det store biletet, sa ein stolt kulturskulerektor Anders Blystad før alle utøvarane framførte det siste innslaget «Månemannen» av Vamp saman.

– Det er utruleg stort å få oppleve ei framsyning som dette. De er knalldyktige, rosa assisterande rådmann i Vinje, Anders Sandvik, elevane. Han meinte innbyggjarane i Vinje er heldige.

Julia Paulsen framførte ein joik på vårkonserten.
Julia Paulsen framførte ein joik på vårkonserten.
Dei tre konferansierane Torjus Ljostad, Alfhild Aspelin Kleven og Ane Slåtta gjorde ein god jobb med å skape ei historisk ramme for heile konserten.
Dei tre konferansierane Torjus Ljostad, Alfhild Aspelin Kleven og Ane Slåtta gjorde ein god jobb med å skape ei historisk ramme for heile konserten.
Rektor i kulturskulen i Vinje, Anders Blystad, lova dei frammøtte ei musikalsk reise av himmelhøg kvalitet og slik blei det då kulturskulen heldt vårkonsert sist helg.
Rektor i kulturskulen i Vinje, Anders Blystad, lova dei frammøtte ei musikalsk reise av himmelhøg kvalitet og slik blei det då kulturskulen heldt vårkonsert sist helg.

– Å vekse opp i Vinje, ha moglegheit til å gå på ein kulturskule og ha kulturopplevingar som me har – det er noko de kan ta med dykk resten av livet – det er ein kjempestart. Eg er heilt sikkert på at dette er noko de vil ha glede av resten av livet. Og kulturskulen har verdas flinkaste lærarar og teknikarar som lagar ei fantastisk ramme for heile framsyninga. Så proft. Eg er djupt imponert over kva de har fått til. Eg har hatt tårar i augo fleire gonger i kveld. Tusen takk til alle de som har øva, bygd kvarandre opp – de er eit kjempelag, takka Sandvik.

Her kan du sjå fleire bilete frå konserten