– Me var på spelejobb då me gikk forbi denne klinikken.
Vår største hit handla om plastisk kirurgi, så me synest det var litt morosamt, seier Bob Kåre.
– Me var på spelejobb då me gikk forbi denne klinikken. Vår største hit handla om plastisk kirurgi, så me synest det var litt morosamt, seier Bob Kåre.

«Me veit me er barnslege, men me vil berre ha det moro»

Luxus Leverpostei. Forboden i dei fleste musikktimane i norske barneskular. Slo gjennom med eit brak i 1996 og selde til gullplate. Sidan har dei underhalde fleire generasjonar med norsk ungdom som står på spranget til vaksenlivet.

Her kan du lese festivalmagasinet til Treungenfestivalen

Soga starta mange år før 1996. I bygda Kvinesdal, i dei indre bygder av Vest-Agder fylke – kjent for Sarons Dal og rallykøyrar Ludvig Hunsbeth. Her sat det ein gjeng tidleg på nittitalet, og skreiv songar på nachspiel. Songar dei aldri trudde nokon fekk høyre.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me var tre stykk som spelte i forskjellige band. Me var mykje på fest i hop, og byrja å lage nokre vorspielsongar.

Det er Bob Kåre som fortel. Han er ein av grunnleggarane av Luxus Leverpostei, og møter VTB i lag med to av dei andre medlemmene i bandet, ein vårdag i Kvinesdal.

1991

– Me melde oss på ei kulturmønstring. Der skulle me berre herje, tulle og vase. Alt var så seriøst på den tida. Det skulle vere musikk for musikarar og den slags, men me spelte i Heavy-band og skulle berre ha det moro. Me hadde eit par av desse vorspiel-låtane, og var klare til å gå på scenen å spele. Då spør konferansieren om kva me heitte. Dette var noko me berre skulle gjere ein gong, så me hadde ikkje noko bandnamn.

– Me spelte også inn musikkvideoen til «Jakten på Pamela», det artige var at dei spela inn ein Baywatch-episode rett ved sida av, fortel Stålull.
– Me spelte også inn musikkvideoen til «Jakten på Pamela», det artige var at dei spela inn ein Baywatch-episode rett ved sida av, fortel Stålull.
Luxus Leverpostei opptrer på russetreff på Lillehammer i 2001.
Luxus Leverpostei opptrer på russetreff på Lillehammer i 2001.
Oslo. Gerry, Stålull, Bob Kåre, Johnny og Dennis har fått gullplate for debutalbumet «100% Bullshit».
Oslo. Gerry, Stålull, Bob Kåre, Johnny og Dennis har fått gullplate for debutalbumet «100% Bullshit».
Deler av dagens besetning. Stålull (t.v.), Kjell Are, og Bob Kåre framfor utvandrarmonumentet i Kvinesdal sentrum. – Det har vore mykje kontakt mellom Kvinesdal og Amerika, noko som speglar kulturen her. Det er lov å stikke seg fram og drite seg ut, seier Bob Kåre.
Deler av dagens besetning. Stålull (t.v.), Kjell Are, og Bob Kåre framfor utvandrarmonumentet i Kvinesdal sentrum. – Det har vore mykje kontakt mellom Kvinesdal og Amerika, noko som speglar kulturen her. Det er lov å stikke seg fram og drite seg ut, seier Bob Kåre.

– Ja, då må dykke berre finne på noko, slik at eg kan få introdusert dykke, sa konferansieren, hermer Bob Kåre.

– Då kom eg på ei historie om ein gong me var på nachspiel og folk byrja å bli svoltne. Sonen til dokteren i bygda var med, og han gjekk i kjøleskåpet for å finne noko pålegg. Der fann han Stabburets leverpostei. Doktersonen var litt «Upper class», så han spurde. – Har dere ikke sånn luxus leverpostei?

– Me heldt jo på å drepe oss av latter, for det er jo ingenting som heitte luxus leverpostei. Så slik vart bandnamnet til, seier Bob Kåre.

– Mottakinga av dei to låtane vart stormande jubel. Dette var noko rølpete og utanom det vanlege. Dei neste dagane fekk eg sju telefonar om spelejobbar, men me hadde jo ikkje nok låtar og me samla oss og lurte på kva me skulle gjere, held han fram.

Byrjinga på kassett

Bandet øvde inn nokre coverlåtar og då var den spede byrjinga i gang.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bob Kåre fekk etter kvart platekontrakt med eit anna band, og ein kveld han var ferdig i studio gjekk han ut for å treffe kompisane i Luxus.

– Me hadde oss noko tequila, men det var eigentleg ikkje noko god stemning, så eg ringte han i studio og spurde om me kunne komme å spele inn nokre songar. Det var greitt, og på morgonsida hadde me ni låtar, der seks av dei var så nye at me nesten ikkje hadde høyrd dei sjølve ein gong, fortel Bob Kåre.

– Han som spelte bass på den tida var veldig motvillig, og sa at dette her må ikkje ut offentleg. Det blir for gale, me kan ikkje gje det ut, seier han.

Då tok Bob Kåre og trommeslagaren og trykte opp hundre kassettar, og la det ut for sal på bensinstasjonen. Det gjekk to timar så var det utseld.

– Etter ein liten månad, hadde me seld 3000 kassettar, held han fram.

Då kom sjefen i plateselskapet til det andre bandet som Bob Kåre var med i på banen. Han ville gje ut cd-plate.

– Det tenkte eg berre var tull og tøys, for me kom jo ikkje til å selje noko i resten av landet, og sa me i beste fall kom til å selje 500 plater lokalt. Det var nok for han, og me gjekk i studio. Det viste seg at me tok feil, for me selde mellom 50 og 60 tusen plater. Det blei gull- og platinaplate og noregsturnè, fortel Bob Kåre.

Jungeltelegrafen

Dei vart landskjende over natta og utvikla seg til å bli eit kultfenomen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bob Kåre meiner jungeltelegrafen gjorde ein effektiv jobb i ei tid utan sosiale medier.

– Utan å samanlikne for mykje med Plumbo, som me alltid har vore gode vener med, så er det lettar å nå ut på Spotify i dag. Samanlikna med då folk faktisk måtte gå ut å kjøpe platene, men det var også meir pengar i platesal enn det er med strøyming i dag. Plumbo var for øvrig oppvarmingsband for oss dei ti fyrste åra dei dreiv på, seier Bob Kåre.

Gjennombrotet førte til ein del artige historier, som då platesjefen lova dei tur til California om dei selde til gull.

– Han heldt det han lova, seier Stålull som også har vore medlem sidan byrjinga.

– Me reiste til Hollywood og spelte inn musikkvideo og var i Abbey Road studios, fortel Bob Kåre.

Saftige tekstar

Luxus Leverpostei har tekstar som er av det saftige slaget, men populariteten førte derimot ikkje til at bandet ville moderere seg.

– Alt blir hardare på norsk. Syng ein på engelsk så kan ein jo ha tekstar som er heilt groteske og ingen legge merke til det. Men det var jo ikkje stovereint, det var jo ikkje det, seier Bob Kåre.

Tidene har forandra seg og Luxus er ikkje like spesielt den dag i dag, men Bob Kåre merkar framleis at bandet nyt stor popularitet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er alltid nye 18-åringar som har høyrd på det i skjul og som kjem på konsert når dei er gamle nok. Samstundes er det folk frå 18 til 60 år som går på konsertane våre, seier han.

– Den eine samleplata til Luxus heiter «20 år med promp og fis, men ingen spellemannpris». Korleis er forholdet dykkar til norsk musikkbransje?

– Me har vel i grunn spelt med det meste av norske band på eit tidspunkt, seier Stålull.

– Me har eit godt forhold til musikarane, men NRK ville ikkje spele sånn musikk me laga på radioen, og det skjønar me, seier Bob Kåre.

– Men høyrer du på tekstar til artistar i dag, som Katastrofe, og tek ein med at «Big Brother» og «Jackass» kom på fjernsynet, så er det ikkje så sjokkerande i dag, som det var for 25 år sidan. Men ungdom synest jo det er litt gøy at me syng desse rare orda i dag også. Promp og fis går aldri av moten, sjølv om det er barnsleg, held han fram.

Kritikarslakt

– Dei som fekk terningkast seks i VG selde jo ikkje plater, sjølv om det var aldri så kulturelt rett. Det var nokre få journalistar som skreiv at detta var tøff festmusikk, men dei fleste gav oss elendige kritikkar og skreiv at det var lågmål. Men me skriv musikk for folket og ikkje musikkeliten, fortel Bob Kåre.

– Det er viktig at me synest det er gøy sjølv, for gjer me ikkje det kan me ikkje forvente andre synest det er gøy, seier Bob Kåre.

– De har jo etter kvart fått familie og born, kva respons har dei på tekstane?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Før eg fekk born tenkte eg at når det skjer så kan det vere eg legg det på hylla. Men igjen, så har dei også vekse opp med «Jackass», og denne tida. Samstundes har eg forsåvidt nekta dei å høyre på mange av songane, utan at eg har gjort noko stort nummer ut av det. For då blir det berre spanande. Eg har sagt at når dei blir eldre så skal de få høyre alt, seier Bob Kåre.

– Me har spelt inn over 200 låtar, og mange av dei er det ikkje banning i, og dei er reinslege og fine. Men det er klart, det er ikkje dei som blir populære. Kjem folk på Luxus-konsert så forventar dei det galne, så me må ta vare på ryktet, held han fram.

Luxus har tekstar på både austlands- og kvinesdalmål, og Bob Kåre fortel at det er fleire årsakar til det.

– Dei skjønar jo ikkje kva me seier her, og det kan vere lettare å skrive på austlandsk. Dette var før Odd Nordstoga kom og bana veg for å synge på dialekt. Men den viktigaste årsaka var at han bassisten som var med tidlegare snakka austlandsdialekt.

Sarons Dal

– Me har eit kjempegodt forhold til Sarons Dal. Meg og sjefen, Rune Edvardsen, er gode kompisar sånn sett, han kjøpte gitar til meg då han var i USA. Når me har trengt noko utstyr, eller omvendt, så låner me av kvarandre. Eg har vore mykje oppe i Sarons Dal, og har spelt der oppe med eit band eg var med i der, seier Bob Kåre.

– Me hadde ein diskusjon då me slo igjennom, og det var så gale som det var. Då kom NRK opp og skulle ha intervju om motpolane i Kvinesdal, mellom Sarons Dal og Luxus. Her er det himmel og helvete. NRK-reporteren blei skuffa og synest det blei litt keisamt, for då me kom opp der var det hei, hallo, og takk for sist, og vil du ikkje ha kaffi. Åja, så de er kompisar, fortel Bob Kåre.

– Eg har full respekt for Sarons Dal og det arbeidet dei held på med. Det er som Rune Edvardsen har sagt. Han kjenne oss jo, han veit at me ikkje går på fylla åtte dagar i veka, slik som nokon trur. Me hadde ikkje klart å halde det gåande i 27 år om det var slik me dreiv på. Me er eigentleg berre vanlege folk som likar å ha det jækla moro, avsluttar Bob Kåre.