annonse

Markerte 4H-dagen i ny lavvo

4H’erar på bildet er
4H’erar på bildet er: Anker H. Skolås, Ingbjørg Skolås, Sjur Holte, Eirin H. Hyttedalen, Jostein H. Hyttedalen, Alfhild A. Kleven, Nadja Ergic, Matilde Drivarbekk-Åmot. (Foto: Privat)

– Øyfjell: Med ein splitter ny lavvo ein strålande varm junikveld markera Rjupa 4H i Øyfjell 4H-dagen. Overnatting i lavvo eller under open himmel, kveldsbading i Limoen-hylen, laks på grillen i rådhuset i Øyfjell og kveldskos ut i dei små nattetimane. Styret ynskjer å takke Vinje og Tokke bondelag, Vinje og Rauland sanitetslag, Rauland kraftlag, sparebankstiftinga Seljord og Vinje kommune, som gjorde at dei kunne reise på tur, handle lavvo og anna utstyr og kose seg med god mat. Dei er 15 medlemar i klubben.


Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.