Johan Vaa har vore redaktør for den nye boka om Kovesand på Møsstrond.
Johan Vaa har vore redaktør for den nye boka om Kovesand på Møsstrond.

Livet på Kovesand mellom to permar

I boka om Kovesand blir spennande lokalhistorie frå Møsstrond presentert.

Kovesand, garden på sørsida av Møsvatn, har 15 dekar jord, 15 dekar beite og 12 000 dekar anna areal.

No kan ein også lese meir om historia til buplassen i boka «Kovesand» av Johan Vaa med fleire. Kovesand som fyrst vart skild ut av ein større eigedomsteig med namn Juvik. Kovesand vart namnet, og eigedommen låg mellom Hamarsberget i sør til Løytodden i nord, og vart etablert på midtre del av 1700-talet. Dei fyrste som bygde heim på Kovesand kom frå Numedals-ætt, og Hallvord og kona Gro fekk fem uppvaksne born. Vidare kan ein lese om korleis ein livnærte seg på Møsstrond på denne tida, og fram til Kovesand vart seld til Telemarkens reinsdyrselskap i 1903, og då Roald Amundsen mellom anna var innom på besøk eit par år seinare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvardagen

Boka beskriv også bureising, kulturminne og fangstlivet på Møsstrond og korleis folket på Kovesand fram til vår tid har hatt det. Mellom anna fortel Inger Lien om tida då ho og dåverande sambuar Arvo Jomafjell budde på eigedomen saman med dei to gutane sine frå 1990 til 1999 – og vidare skildrar dagens eigar Børre Nordheim-Larsen si tid på garden han kjøpte av Jomafjell i 2001.

Dei ulike bygga på garden er også omtala, og grunnmurar viser at det har vore ei rekkje andre bygg her tidlegare også. Hovudhuset er mellom anna endra ved fleire høve, frå å vere eit 5x4 meter stort laft til å bli eit større bygg over to høgder med sidefløy i dag.

Samla informasjonen

Dagens eigar av Kovesand, Nordheim-Larsen, spurde Johan B. Vaa om han kunne lage ei bok om historia til garden på Møsstrond. No er boka, gjeven ut av Dyranut as forlag, trykt i eit opplag av 300 eksemplar.

– Han ynskte å samle mest mogleg informasjon, og i vinter tok arbeidet til for fullt, fortel Vaa som har nytta både bygdebok og folketeljingar.

I tillegg til mykje spennande kultur- og lokalhistorie er boka krydra med ei rekkje flotte bilete, men dessverre er ikkje personane på bileta namngjevne.

tone.tveit@vtb.no