annonse

Kven er eigentleg vesttelen?

Gler seg
Gler seg: Svein Dag Midtsund, Marie Tveitereid Midtsund og Gunnar Bjerke Osen. (Foto: Tone Tveit)

Nesten 500 har så langt sikra seg billett til framsyninga om Vest-Telemarkingen på kulturhuset i Kviteseid i helga.

Tone Tveit

Framsyninga om vesttelemarkingen anno 2018, med fjas og ramme alvor, er sett saman av trioen Marie Tveitereid Midtsund, Gunnar Bjerke Osen og Svein Dag Midtsund med god musikalsk hjelp frå Torgeir Hefre, Erling Eriksen, Oddbjørn Aase og Knut Eirik Hult.

– Ein vil mellom anna få møte Bodil Nordjore, Mette Marit, Per Sandberg og Baharen. Me kjem innom sentralisering og kommunesamanslåing, ungdom vekk frå bygda – som eigentleg vil heim, ungkarslivet i Vest-Telemark og litt av tematikken Vest-Telemark mot resten, fortel Svein Dag Midtsund. 

– Framsyninga fredag er utseld, laurdag er det framleis ledige plassar på dei to framsyningane me skal ha, seier Marie Tveitereid Midtsund. 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.