Bjørn Dagfinn Tveit stod fyrst som solist på scenen under kulturkvelden laurdag. Minuttar seinare blei den dyktige songaren heidra med kulturprisen for Nissedal i 2017.
Bjørn Dagfinn Tveit stod fyrst som solist på scenen under kulturkvelden laurdag. Minuttar seinare blei den dyktige songaren heidra med kulturprisen for Nissedal i 2017.

Heidra ein engasjert, stille kulturberar av ypparste klasse

Under kulturkvelden i Nissedal blei heile bygdas songar, Bjørn Dagfinn Tveit (50), kalla fram for å ta imot kommunens kulturpris.– Tveit er eit menneske som gjev mykje av seg sjølv – ein som aldri seier nei – og ein som betyr svært mykje for mange menneske i kommunen vår, rosa ordførar Halvor Homme.

Det var ein stolt, bunadskledd einingsleiar for kultur i Nissedal kommune, Anne Margrethe Espelid, som ynskte alle gjestene velkomne til kulturkveld i blåtimen, og tradisjonen tru stemte alle med då Olav Svalastog sette tonen på pianoet og «Helse på Nissedal» runga i salen.

Kulturkvelden hadde mange lokale musikalske og kulturelle godbitar, både frå Nissedalskoret, eit utdrag frå jolespelet til Treungen frikyrkje og ulike soloframføringar frå fløytist Åshild Reime, pianist Svalastog og songar Bjørn Dagfinn Tveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hilde Riseth Fjone og Elin Fjalestad kunne presentere fantastiske resultat frå topptursatsinga der heile kommunen har bidrege. Heile 36 toppar rundt om i kommunen har hatt kasse for registrering denne sesongen, og folkehelsetiltaket har verkeleg slått an.

– Det er ingen tvil om at me er toppturkommunen. Me har vore opptekne av at dette skulle vere eit lågterskeltilbod for alle aldrar, og me har registrert at deltakarane er frå 1 til 79 år. Totalt kan me truleg sei at i Nissedal blir det gjennomført 15–20 000 toppturar i løpet av eit år, smilte Fjone og Fjalestad nøgd.

Hemmeleg

Nøgd var også ordførar i Nissedal, Halvor Homme. Han hadde det ærefulle oppdraget med å kalle fram årets mottakar av kulturprisen, og meinte det var ekstra spesielt å dele ut prisen i år, sidan vinnaren ikkje visste noko om dette på førehand.

Bjørn Dagfinn Tveit framførte fleire songar.
Bjørn Dagfinn Tveit framførte fleire songar.
Nissedalskoret framførte fleire melodiar under den blå kvelden på kulturhuset.
Nissedalskoret framførte fleire melodiar under den blå kvelden på kulturhuset.
Frank Lien frå historielaget viste film frå tida då det siste toget køyrde ut av kommunen.
Frank Lien frå historielaget viste film frå tida då det siste toget køyrde ut av kommunen.
Hild Riseth Fjone og Elin Fjalestad kunne fortelje om enormt god respons på topptursatsinga i heimkommunen.
Hild Riseth Fjone og Elin Fjalestad kunne fortelje om enormt god respons på topptursatsinga i heimkommunen.
Fløytist Åshild Reime spela fleire vakre melodiar.
Fløytist Åshild Reime spela fleire vakre melodiar.
9.-klassingane ved Nissedal ungdomsskule serverte snittar til alle gjestene.
9.-klassingane ved Nissedal ungdomsskule serverte snittar til alle gjestene.
Midt i kulturkvelden blei det halde ei god matpause der 9.-klassingane ved Nissedal ungdomsskule serverte snittar til alle gjestene.
Midt i kulturkvelden blei det halde ei god matpause der 9.-klassingane ved Nissedal ungdomsskule serverte snittar til alle gjestene.

– Årets prisvinnar er ein godt kjent skikkelse i kulturlivet i Nissedal. Ein gjennomgåande flott fyr og sjølve definisjonen på det me kallar ein skikkeleg arbeidskar. Og han har ei flott songstemme. Det er noko eg veit at dei fleste her i dag har fått oppleve i ei eller anna setting, uttala ordføraren og dei frammøtte tok til å forstå kven heiderspersonen var.

Bilete av ein lyslugga gutunge kom på storskjermen, før Homme heldt fram:

– Prisvinnaren er ein engasjert, stille kulturberar av ypparste klasse. Eit menneske som gjev mykje av seg sjølv – ein som aldri seier nei – og ein som betyr svært mykje for mange menneske i kommunen vår, rosa ordføraren.

Han fortalde vidare at det største musikalske høgdepunkt til prismottakaren var då han deltok under opninga av operaen i Oslo.

– Det er ei stor ære og glede å tildele kulturprisen til Bjørn Dagfinn Tveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Overraska

Overraska og rørt blei kulturprisvinnaren kalla fram på scenen til trampeklapp og jubel frå dei frammøtte på kulturhuset. Køen av gratulantar stimla seg rundt songaren, som fekk mange godord og varme klemmar.

– Det er ikkje slikt ein trur at skal skje, uttala ein overraska Tveit til VTB etter utdelinga.  

Han fortel at tre av dei fem barna hadde kome heim denne helga, og saman kona Helga hadde dei lura han trill rundt.

– Det skulle visst vere pølsefest, men fyrst skulle me på kulturkveld. Nei, nå blei eg overraska, smiler Tveit.  

Starta i kor på gymnaset

Song har vore viktig for Bjørn Dagfinn Tveit heilt sidan han gjekk på gymnaset.

– Det var på denne tida eg starta å synge i kor, og eg var ein del solist. Men det er veldig hobbyprega dette med songen, og eg har berre tatt litt songtimar, fortel Tveit som til dagleg arbeider som tømrar.

– Kva betyr songen for deg?

– Eg får mange gode tilbakemeldingar, elles hadde eg nok ikkje halde på med det. Eg syng mykje i gravferder, og då svarar eg ja så sant eg kan. Då tenker eg at folk legg mykje i det, sidan dei spør akkurat meg – og det er fint sidan då kjenner eg at eg betyr noko for dei også, i ein slik situasjon, seier Tveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv om Tveit ofte er solist er han ikkje så glad i å stå på scenen.

– Eg er eigentleg ikkje så glad i å opptre, eg higer eigenleg ikkje etter det, innrømmer han og seier at han alltid er nervøs før han skal opptre, men at han klarer å halde nervane under kontroll.

Biletglimt frå farne tider

Gode visuelle opplevingar var det også rikeleg av på kulturkvelden då Ole Jakob Tveit viste både digitale og analoge bilete frå ulike stadar han har budd gjennom prestetenesta.

– Med vakre bilete og melodiar var det hyggeleg å høyre lyden av eit ljosbileteapparat att, kommenterte Espelid.

Mimring blei det også då Frank Lien frå historielaget kom på podiet for å vise den flotte filmen laget har sett saman av gamle klypp frå tida kring den siste togreisa frå Treungen.

– Det er 50 år sidan jernbanen blei lagt ned, og til eldre eg blir, til meir går det opp for meg kor mykje den jernbanen betydde på strekninga frå Åmli og opp. Mange plassar var det ikkje bebyggelse før jernbanen kom, men så kom der stasjonar og både butikk, bedehus og skular blei etablert. Tjønnefoss var ein av desse stadane, og her er me stadig innom på filmen, uttala Lien.