Gunnar Gundersen (t.h.) frå Seljord vart tildelt Seljord kommune sin kulturpris på 17. mai. Her saman med varaordførar Jon Svartdal frå opninga av brua over Sandsåi i 2015.
Gunnar Gundersen (t.h.) frå Seljord vart tildelt Seljord kommune sin kulturpris på 17. mai. Her saman med varaordførar Jon Svartdal frå opninga av brua over Sandsåi i 2015.

Gunnar Gundersen fekk kulturprisen

Under folkefesten på Granvin kulturhus i Seljord 17. mai vart årets kulturpris i Seljord kommune tildelt Gunnar Gundersen.

Ordførar i Seljord, Halfdan Haugan, delte ut kulturprisen og fortalde at årets prisvinnar har vore ein grunnstein i Seljord ungdomslag heile sitt liv, og vore aktiv både innan folkemusikk og dans.

– Gunnar Gundersen var fast medlem i arbeidsgruppa ved det fyrste og viktige byggetrinnet av Granvin kulturhus og medspelar i arrangørgruppa for spel og kappleikar. Heilt sidan 1990 har han vore den mest iherdige vegryddaren i Seljord sogelag. Gjennom mange år var han leiar i «Veggruppa». Han har sett det som ei viktig oppgåve å ta vare på dei gamle ferdselsvegane og stigane. Over heile kommunen har han vore sentral med å rydde, merke og skilte desse gamle og viktige kulturminna. Med sag og målespann var han støtt på farta. Ein kan nemne Seljordshei, Grunningsdalen, Åmotsdal, Kivledalen og Sundsbarm, fortalde ordføraren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gundersen har også vore sentral og lagt ned mange arbeidstimar med restaurering og bevaring av Lakshøl bruk som er ei gamal sag og mølle.

– Årets kulturprisvinnar har mykje kunnskap både om personar og historiske hendingar. Denne kunnskapen har han delt med andre både som turleiar og forteljar gjennom mange år. Han veit òg mykje om gamal reiskap på gardane, og ikkje minst har han utruleg god kunnskap om gamle motorar.

Ordføraren fortalde vidare at Gundersen aldri har vore redd for å ta eit tak for sogelaget, anten oppgåva har vore stor eller liten.

– For få år sidan var han, saman med sonen, hovudarkitekten bak den nye gangbrua over Sandsåi. Det var ein stor jobb med å få på plass brua, som blei bygd av ramma på ein gamal Volvo lastebil. Nå kan ein trygt passere over åi, sjølv om vassføringa er stor. I fjor var han pådrivar for å få opp skilt og informasjonstavle i Grunningsdalen, mellom anna eit krigsminne frå 1822, uttala ordføraren.

Haugan trekte også fram at det er spennande å høyre Gundersen fortelje.

– Som om arbeidet på saga i Bygdardalen i 1940-åra, og at han som 17-åring kjøpte bil for pengane han tente, ein avkabba T-Ford 1927-modell. Eller når han fortel om saga på Sanden før oppdemminga av Sundsbarm. Saga var driven av ein lokmobil dampmaskin, fyra med «hon og sagmugg». Han køyrde materiell og ved ned Hanakamjuvet, Gamle Gullnesveg til Midtigard Bjørge, sa Haugan.

– Å høyre om desse farne tider, er kulturhistorie av beste slag. Mykje av den gamle soga er borte. Desto meir verdfullt er det at bygda har personar som Gundersen, som har sett det som ei oppgåve at nyare generasjonar kan få kunnskap om levd liv i bygda. Det har med identitet å gjera, helsa ordføraren.

Det er Seljord kommune og Sparbankstiftinga Seljord som delar ut kulturprisen. Prisen er ein sjekk på 20 000 kroner og ein bronseskulptur laga av Ellen Grøstad.