Too Far Gone er blant artistane som står på scenen under Countryfestivalen i Seljord.	Pressefoto
Too Far Gone er blant artistane som står på scenen under Countryfestivalen i Seljord. Pressefoto

Gjev bort gitaren på Countryfestivalen

Countryfestivalen blir avslutta med at Too Far Gone gjev bort ein gitar til nokon i Seljord som fortener det.

Trønderbandet som slo gjennom med «Zetor`n» på slutten av 90-talet markerer 25 år som artistar. På kvar plass dei spelar i år gjev dei bort ein gitar. No har turen kome til Seljord. Laurdag står dei på hovudscena som dei siste på Countryfestivalen i år.

– Me gjev bort ein av gitarane som gitaristen vår Ole Buan Øien spelar på. Me ynskjer at denne skal gå til dømes til unge artistar, lag, foreiningar, revygrupper, ungdomsklubbar, kulturskular eller andre som utgjer ein liten forskjell i lokalsamfunnet, men som kan hende slit med små eller ingen budsjett til å skaffe seg ein gitar sjølv. Gitaren skal gå til noko som fortener det, seier Per Evjen som er manager for bandet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gåva blir gjeve bort i samarbeid med gitarprodusenten Morgan og Morgan Instrumenter.

Evjen ynskjer innspel til kven i Seljord som fortener gitaren.

– Det er oppretta ein jury på kvar stad, seier han.

Too Far Gone feirar 25 år som artistar med å gje bort gitarar i samarbeid med produsenten Morgan.
Too Far Gone feirar 25 år som artistar med å gje bort gitarar i samarbeid med produsenten Morgan.

I tillegg til Evjen sit gitarist Øien og ein representant frå arrangøren i juryen, men dei ynskjer å få framlegg om verdige kandidatar.

Til no på jubileumsturneen har dei delt ut åtte av totalt fjorten gitarar.

– Barnehagar, skular og artistar som vil noko med musikken er blant mottakarane, seier Evjen.