Soloppgang på Falkenuten er eit vakkert syn. Kanskje det går an å få den med seg ein morgon i haustferien?
Soloppgang på Falkenuten er eit vakkert syn. Kanskje det går an å få den med seg ein morgon i haustferien?

Fem ting de kan gjera i haustferien

På leit etter sopp og bær i skogen eller i badekåpe på spa – her er nokre ting de kan fylle dei resterande dagane av veke 41 med.

For mange er haustferien sterkt knytt til hyttetur, men det finst mykje ein kan gjera om ein har valt heimeferie i år òg. Det ser ikkje ut til at det blir tidenes mest strålande haustvêr, men det treng ikkje vera ein stoppar.

1. Ta med familien eller vennegjengen på topptur 

Er det éin ting me har nok av i Vest-Telemark, så er det tilgang på fine toppturar. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein kan gå for ein heildagstur, til dømes Lårdalstigen (13,3 km) eller frå Seljord til Flatdal over Skorve (21,8 km).

Det finst også mange kortare turar ein kan velje seg for å starte dagen med litt puls. Dei steinlagte stiane til Falkenuten (1,6 km) eller Rui (1,5 km) er gode alternativ.

Viss de vil kose dykk litt ekstra så kan de ta med ved og fyrstikker, og lage eit bål til å grille pølser på.

Rauland høgfjellshotell i all si prakt. Det er antakeleg litt mindre snø der no i haustferien, men dette var eit veldig fint bilde.
Rauland høgfjellshotell i all si prakt. Det er antakeleg litt mindre snø der no i haustferien, men dette var eit veldig fint bilde.
Trikset når ein er på sopptur er å ta med seg ei lita korg. Då ser fangsten større ut.
Trikset når ein er på sopptur er å ta med seg ei lita korg. Då ser fangsten større ut.
Finn fram dei gamle brettspela i haustferien.
Finn fram dei gamle brettspela i haustferien.
Leik og lær på museet i Morgedal.
Leik og lær på museet i Morgedal.

Alt i kveld arrangerast det ein fellestur til Hegglandsnetten i Fyresdal (11 km t/r) det går an å hive seg med på.

2. Unn deg litt velvære 

Det er kanskje ikkje så ofte du tillét deg sjølv å nyte eit par timar med boblebad, badstu og massasje, men kva med denne veka?

Ta med deg nokon du er glad i på eit aldri så lite spaopphald, til dømes på Straand hotell i Vrådal, Rauland høgfjellshotell eller Dalen hotell.

3. Reis på sopp- eller bærtur  

Hent fram gummistøvlane, korgene og bærplukkaren og ta turen ut i skogen.

Det lyser av bær i raudt og blått i liene no, og det finst framleis litt sopp her og der. Bruk nokre timar i skogen – det er godt for kropp og sinn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vel heime att kan du lage saft eller syltetøy. Det er jo aldri feil å ha litt blåbærsyltetøy i frysaren når vinteren kjem.

4. Spel dei gløymde spela

Viss du ikkje har ei hytte utan straum og dekning som tvingar deg til å gjera det, så ta initiativ sjølv og slå av TV-en, datamaskinene og mobiltelefonane ein kveld. Ha ein heileftan med kakao og stearinljos rundt stovebordet.

Hent fram dei gamle brettspela du garantert har liggande på toppen av eit skap eller i ei pappøskje på loftet. Den forsvunne diamanten, Pictionary, Monopol og Scotland Yard slår aldri feil. 

Geni, Trivial Pursuit og andre spørjespel er også ein god idé. Test kunnskapsnivået ditt – eventuelt kva du hugsar frå tida då du kjøpte spelet. (Underteikna har eit Geni-spel frå 1992, til dømes. Vanskeleg.)

Av litt meir aktive variantar, kan ein god gamaldags mimeleik kan fort bli det festlegaste du gjer heile ferien. Eventuelt kan du invitere til speling av kubb i hagen. Det blir gjort for sjeldan.

5. Ta ein tur på museum eller kviss

Mange av musea i parken til Vest-Telemark museum er stengde for sesongen, men Skieventyret i Morgedal er framleis ope fleire dagar i veka. Kanskje det kunne vore ein idé å ta med familien og lære om historia i skisportens vogge?

Fredag kveld kan dei Aasmund Olavsson Vinje-interesserte nyte ei soloframsyning om 200 års-jubilanten på Vinjehuset, i regi av vesttelen Leif Arild Sanden. Etter framsyninga er det kviss.