Synnøve Skree Valle (t.v) har funne ein sopp ho er i tvil om. Ho får hjelp av Aase for å sjekke om han er trygg.  – Eit godt tips er å ha med seg små boksar i korga. Der kan ein legge soppen ein er usikker på, så han ikkje blir blanda med dei andre, fortel Aase.

«Ein må eta 17 kilo med raud flugesopp før ein døyr av det.»

Nyleg arrangerte frivilligsentralen i Nissedal sopptur på Fjone. Soppkjennaren Eva M. Jensen frå Tønsberg gav ei innføring i kva ein kan plukke, og kva for sopp ein bør halde seg unna.

Me køyrer til gamleskulen på Fjalestad på Fjone. Fleire bilar står parkerte langs vegen. Med soppkorga i handa og ryggsekken på ryggen gjeng 20 turkledde menneske inn på skulen.

Sjølv om sola skin kjenner me hausten i lufta, og i det me kjem inn blir me møtt av ein god varme frå den gamle vedomnen – og nykoka kaffi. Leiar av frivilligsentralen Renate Hassel ynskjer velkommen, og introduserer soppkjennaren Eva M. Jensen som har kome frå Tønsberg for anledninga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Så moro at så mange har kome til Fjone i dag. Det er veldig moro, synest eg. Eg har plukka sopp i over 30 år. Eg har ikkje tatt sertifikatet som soppkontrollør, for då må ein kunne over 100 soppar som det ikkje er vits i å kunne. Det de bør kunne er matsoppar, giftige soppar, og resten blåser me i, seier ho og smiler.

– Er det nokon her som plukkar noko anna enn kantarellar, spør Eva dei frammøtte.

– Dei som berre plukkar kantarellar må vera deprimerte! Noko så kjedeleg. Det finst så mykje anna i verda, seier soppkjennaren og held fram:

Eva M. Jensen frå Tønsberg har plukka sopp i over 30 år. – Eg gjekk på eit kurs ein gong, og etter det blei eg heilt galen. Eg hadde ikkje tid til å ta helg ein gong – eg måtte ut i skogen å finne sopp, seier ho.

Då frivilligsentralen i Nissedal arrangerte sopptur med ein soppkjenner med på laget, møtte 20 ivrige menneske. Dei ville lære meir, og fekk mange gode tips.
Då frivilligsentralen i Nissedal arrangerte sopptur med ein soppkjenner med på laget, møtte 20 ivrige menneske. Dei ville lære meir, og fekk mange gode tips.
Med korga i handa og nye kunnskapar i hovudet, traskar nokon av damene ivrig inn i skogen for å leite etter matsopp.
Med korga i handa og nye kunnskapar i hovudet, traskar nokon av damene ivrig inn i skogen for å leite etter matsopp.
Traktkantarellar trivst godt mellom mose i skogen.
Traktkantarellar trivst godt mellom mose i skogen.
Eva M. Jensen (t.v) sjekkar soppen som Michael Røhme har funne. Wenche Heidi Røhme og Aase Fjalestad fylgjer nøye med. – Eg lurer på om det er Fåresopp, spør Michael. Det var det ikkje, og soppen gjekk tilbake til naturen att.

Elvira Staab fann ein blomkålsopp inne i skogen. – Denne er fantastisk som matsopp, og kan sprøsteikast i steikepanna, opplyser Eva.
Elvira Staab fann ein blomkålsopp inne i skogen. – Denne er fantastisk som matsopp, og kan sprøsteikast i steikepanna, opplyser Eva.
Wenche Heidi Røhme storkosar seg på sopptur. – Dette er utruleg moro. Eg har funne mange traktkantarellar. I dag blir det sopp til middag, smiler ho.
Wenche Heidi Røhme storkosar seg på sopptur. – Dette er utruleg moro. Eg har funne mange traktkantarellar. I dag blir det sopp til middag, smiler ho.
Wenche Heidi Røhme og Aase Fjalestad sjekkar soppen for å sjå om han er sikker. Skinnet er dratt av, og no skal dei sjekke kjøtet.
Wenche Heidi Røhme og Aase Fjalestad sjekkar soppen for å sjå om han er sikker. Skinnet er dratt av, og no skal dei sjekke kjøtet.
Systrene Liv Jorunn Oterholt (t.v) og Liv Kristin Oterholt frå Kyrkjebygda var med, og plukka sopp for fyrste gong. I lag med Inger Johanne Aaheim frå Fjone gjekk dei gjennom soppen dei hadde funne. – Dette var utruleg moro og lærerikt, seier Liv Jorunn.

Aase Fjalestad laga og serverte nydeleg soppsuppe. Soppen i steikepanna kjem rett frå skogen.
Aase Fjalestad laga og serverte nydeleg soppsuppe. Soppen i steikepanna kjem rett frå skogen.

–  Eg utfordrar dykk til å plukke noko anna enn kantarellar i dag.

Smak på han

Eva har med seg fleire ulike typar sopp. Ho viser dei fram og fortel om kva ein skal sjå etter, korleis ein kan sjekke om dei er av rett type, og kva for sopp ein ikkje skal ense.

– Éin sopp eg synest de skal lære dykk er kremle. Den er veldig god som steikesopp. Mild og god på smak. Det finst over 100 ulike kremler, og nokon av dei kan vera giftige. Det er viktig å sjekke at soppen du finn er trygg, og for å sjekke klemle er det sikraste kjenneteiknet soppkjøtet.

– Sprøtt kjøt i hatt og stilk skil kremler frå andre hattsoppar. Me seier at dei har eit «osteaktig» kjøt. Deretter kan du dra forsiktig av skinnet på hatten og det stoppar mot midten. Så skjer du av ein liten bit av soppen og smakar på han.

– Ein fin hugseregel er at om soppen er mild på smak, så er han etande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dødeleg sport

Når ein er fersk innan sopp-plukking skal ein vera svært forsiktig. Ifylgje soppkjennaren kan det vera ein dødeleg sport.

– Når eg plukkar sopp til meg sjølv er eg 100 prosent sikker før eg et dei. Er eg i lag med andre er eg alltid 200 prosent sikker.

– Kor farleg er raud flugesopp, spør ein av dei frammøtte.

– Den har eit dårleg rykte på seg, men den er ikkje veldig farleg. Eg har ete det, og eg står her i dag. Ikkje blei eg sjuk heller. Eg lærte på eit soppkurs for mange år sidan at ein må eta 17 kilo med raud flugesopp for at det skal vera dødeleg, fortel Eva.

Soppkrydder

Det er heilt stille på gamleskulen. Dei frammøtte sit som tente ljos og fylgjer nøye med på det Eva fortel. Ho tek fram ein stor og gamal raud kakeboks. Ho opnar han. Boksen er fylt til randa med sopp. Den er tørka og blir sendt rundt bordet.

– Ta eit godt sniff oppi boksen og fortel meg kva det luktar, seier Eva.

– Oi, dette har ei fantastisk duft. Det luktar buljong, seier ei av damene.

– Ja, dette er min favorittsopp. Skjellpiggsopp heiter den. Den er eigentleg ikkje ei matsopp, men eg brukar han. Eg plar å skjære han i bitar og tørke han. Anten i ein sopptørkar eller på 40 grader i steikeomnen. Nå soppen er tørr, mel eg han i mandelkvern til krydder. Ei teskje med dette i brun saus gir ein utruleg god smak, fortel ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Noko å hauste

Med nye kunnskapar om sopp traskar me ut frå gamleskulen. Aase Fjalestad tek nokon av oss med til ein av stadane ute i skogen der ho veit at det er mykje sopp.

– Det er mange fine stadar å plukke sopp på Fjone. Eg har fleire stadar eg veit om, men dei vil eg halde for meg sjølv, seier ho og smiler lurt.

– Eg har plukka sopp i 20 år, og synest det er ein fin måte å kome seg ut i naturen. Eg likar godt hausten, for då kan ein alltid hauste eitt eller anna. Eg er utdanna kokk, avslører Aase.

Med soppkorga i handa gjeng sopp-plukkarane på rad og rekkje innover i den gamle og grøne skogen.

Likar seg ute

Heidi Wenche Røhme og ektemannen Michael Røhme frå Kristiansand har feriert i Nissedal i fleire år og trivst godt ute i naturen. Dei har ferie nokon dagar, og då dei såg at det skulle vera sopptur på Fjone med ein soppkjennar, heiv dei seg med.

– Dette er utruleg spanande. Me har plukka litt sopp tidlegare, men ikkje så mykje. Eg synest det er litt skummelt, for ein kan fort ta feil. Då er det ekstra kjekt å få vera med her i dag med Eva som guide.

– Kom og sjå! Her er det mykje traktkantarellar, ropa Aase.

– Oi, så moro. Desse må me plukke, seier Wenche Heidi. Ho plukkar dei, og reinsar dei med ein gong før ho legg dei i korga si.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me gjeng djupare inn i skogen. Det er stille og fredeleg. Alt ein høyrer er skritt mot bakken, fuglekvitter, og ei elv som renn eit stykke unna. Med bøygd hovud, blikket festa på bakken og augo som leitar etter sopp, er det fort å gløyme å sjå seg rundt, og gå seg bort. Det er mykje sopp og korgene blir fylte med fleire soppar av ulikt slag.

– Eg trur eg har funne ei kremle, seier Wenche Heidi.

Dei andre samlar seg rundt ho, og saman sjekkar dei soppen slik Eva viste dei.

– Kjøtet i stilken er «osteaktig», ein kan dra av skinnet og smaken er mild. Då er han trygg, og du kan ta han med deg, seier Eva.

Soppsuppe

Tilbake på gamleskulen, med sopp i korga og breie smil om munnen møtest dei att. Dei tittar i korgene til kvarandre og viser fram dei ulike soppane dei har funne. Nokon har funne sopp dei er usikre på, og Eva sjekkar dei.

Innanfor døra er det framleis godt og varmt. På omnen står ein stor kjele med suppe, og i steikepanna smeltar smøret. Aase har laga soppsuppe og skjer kantarell, traktkantarell og steinsopp frå dagens fangst i bitar, som ho freser i panna. Til slutt skal dei opp i suppa.

– Det er så mykje godt ein kan bruke sopp til. Eg lagar suppe, soppstuing, sprøsteiker det i panna og brukar det som tilbehør til for eksempel biff.

Suppa er klar. Aase auser opp og delar ut. Den smakar nydeleg, og kanskje er ho ekstra god fordi soppen er plukka sjølv?