Kultur

– Eg håpar folk er klare for noko nytt og annleis

– Eg håpar folk er klare for noko nytt og annleis

Trude Lundevall frå Kviteseid har returnert heim. Med seg har ho det populære frisørkonseptet ho har drive i Oslo i ti år – Balanzera.

Når ein går inn på nettsida til Balanzera no, så står det at ein kan velje mellom tre salongar. Grünerløkka, Bislett og Kviteseid. 

Den fyrste salongen ho starta, på Grünerløkka, har ho drive i ti år i år. 

Utvidinga til Kviteseid har lege i korta lenge. Ho og familien måtte berre bestemme seg for å flytte heim fyrst. 

– Me begynte å tenke på at me ville heimatt før eldstejenta vår skulle starte på skulen. Me er herfrå begge to, så det å vera heime i nærleiken av familie og eit trygt miljø er noko me visste at me ville. Heldigvis stortrivst ho på skulen, seier Lundevall. 

Line Omland Eilevstjønn - Stor plass I det gamle Expert-lokalet i Kviteseidbyen har det opna ein økologisk frisørsalong.

Stor plass: I det gamle Expert-lokalet i Kviteseidbyen har det opna ein økologisk frisørsalong.Foto: Line Omland Eilevstjønn

Ein grøn salong

Fredag kveld opna ho Balanzera Kviteseid. Etter at joletreet på brygga var tent og alle hadde fått godteri av nissen, var det tid for å ta turen innom den heilt nye salongen i dei gamle lokala til Expert. 

Balanzera er ein såkalla grøn salong, der alle produkt dei brukar er økologiske og naturlege. Dette er ein idé Lundevall fekk då ho måtte slutte som frisør fordi ho utvikla ein allergi i luftvegane på grunn av dei sterke kjemikaliane ho hadde bruka dei tre fyrste åra i yrket. Inspirert av ein salong i København fann ho alternativet som kunne gje ho ein frisk start i frisørbransjen. 

Ti år seinare går Balanzera så det susar i hovudstaden. Og no har den grøne frisørsalongen altså kome til Kviteseid. 

– Eg håpar folk er klare for noko nytt og annleis, seier Lundevall. 

– Og at både kundar og frisørar strøymer til!

Det gamle lokalet er veldig stort, og har blitt fylt opp av vakkert interiør, hårvask-stasjon med utsikt over fjorden og hylle på hylle med økologiske produkt. Sidan dei overtok bygget i september, har det gått slag i slag frå morgon til kveld for å få alt i stand før jol. 

– Det har vore veldig mykje jobb. Det ser jo ganske annleis ut her no. Heldigvis veit ein ikkje kor mykje arbeid det blir før ein set i gang, seier Lundevall og smiler breitt. 

Line Omland Eilevstjønn - Vaskekroken Her får ein hårvask og utsikt over fjorden.

Vaskekroken: Her får ein hårvask og utsikt over fjorden.Foto: Line Omland Eilevstjønn

Strålande mottaking

Planlegginga av ein tredje Balanzera-salong tok til i vår. Då visste familien på fem – dei fekk sitt tredje born i februar – at dei skulle heim til Kviteseid, og Trude visste at ho ikkje kom til å trivest med å berre gjera kontorarbeid for dei to salongane ho reiste frå i Oslo. 

– Eg måtte ha ein ordentleg arbeidsplass her heime òg. I starten tenkte eg eigentleg at eg berre ville ha eit lite rom ein stad, der eg kunne klyppe folk, men så synest eg det er så trasig med tome lokale langs hovudgata. I tillegg blir det fint å vera saman med dei andre flinke næringsdrivande i gata her. Dei var mykje av grunnen til at eg valte meg dette lokalet, trass i veldig stor plass, fortel Lundevall. 

Så langt har ho berre fylt den eine halvdelen av fyrsteetasjen i bygget. Den andre halvdelen veit ho ikkje heilt kva ho skal gjera med enno. 

– Eit yogastudio hadde vore moro, seier ho. 

Saman med frisør Anne Mette Sollid har Lundevall fulle lister fram mot jol. Det er ho glad for. Generelt har støtta vore veldig stor frå sambygdingane hennar. 

– Det er kjempemoro at folk vil prøve. Dette er jo som sagt noko nytt og annleis, men eg har verkeleg trua på at folk vil like det, seier eigaren av Kviteseids nyaste frisørsalong. 

Line Omland Eilevstjønn - Ut mot Sundkilen Gjennom desse vindauga ser ein vatnet og bryggehusa.

Ut mot Sundkilen: Gjennom desse vindauga ser ein vatnet og bryggehusa.Foto: Line Omland Eilevstjønn