Eg trivst veldig godt i den nye leilegheita mi på Dalen. Når eg ikkje er på jobb likar eg å vere ute i naturen, lese bøkar, strikke og vere i lag med familie og vener. Eg er veldig sosial av meg, seier Ruth Miriam og smilar bredt.
Eg trivst veldig godt i den nye leilegheita mi på Dalen. Når eg ikkje er på jobb likar eg å vere ute i naturen, lese bøkar, strikke og vere i lag med familie og vener. Eg er veldig sosial av meg, seier Ruth Miriam og smilar bredt.

– Eg elskar menneske, natur og rosa

Då den nyutdanna presten Ruth Miriam Kolstad Varhaug såg at Tokke kommune søkte etter ungdomsprest var ho aldri i tvil. – Eg følte at Jesus ville at eg skulle til Dalen, og då eg såg at Vinje kyrkje er rosa måtte eg søke – eg elskar rosa!

I ein koseleg leilegheit i Hotellvegen på Dalen møter me den 26 år gamle presten Ruth Miriam Kolstad Varhaug. Ho kjem i frå Holum, ei bygd i Mandal kommune i Vest-Agder. For ei veke sidan kom ho flyttande til Dalen der ho nyleg starta i jobben som ungdomsprest i Tokke og Vinje kommune. Ruth Miriam er den fyrste kvinnelege presten som blir tilsett i kommunane.

Den unge presten har vekse opp på gard, med mjølkedyr, i lag med mor, far og fem brør.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg kjem frå ein stor familie. Me er seks sysken og eg har ein tvillingbror. Eg er eit heilt minutt eldre enn han. Så eg er den eldste av barna og har odel på garden. Me har ledd mykje av det opp i gjennom, seier ho.

Heime på garden til familien Kolstad Varhaug har det alltid vore mykje liv. Med seks born og ein open heim med mykje besøk var det sjeldan eit kjedeleg augeblikk for Ruth Miriam og syskena.

– Eg kjem frå ein stor og kristen familie. Båe foreldra mine har fire sysken kvar og besteforeldra mine bur på andre sida av låven på garden. Me har alltid vore mykje i lag med familien, andre familiar og vener. Det er alltid mykje folk hos oss og heile familien er sosiale, og har vore aktive på bedehuset og i kyrkja, seier Ruth Miriam og hald fram:

– Eg var i praksis på Dalen i februar og mars, og då hadde eg gudsteneste i Høydalsmo Kyrkje. Det lika eg veldig godt og eg blei svært glad då eg fekk stillinga som ungdomsprest her, seier ho.
– Eg var i praksis på Dalen i februar og mars, og då hadde eg gudsteneste i Høydalsmo Kyrkje. Det lika eg veldig godt og eg blei svært glad då eg fekk stillinga som ungdomsprest her, seier ho.
Ruth Miriam Kolstad Varhaug blir den fyrste kvinnelege presten i Tokke og Vinje kommune. Ho elskar alle typar menneske og er oppteken av at menneska rundt ho skal ha det godt, noko ho har lært av mormora si.
Ruth Miriam Kolstad Varhaug blir den fyrste kvinnelege presten i Tokke og Vinje kommune. Ho elskar alle typar menneske og er oppteken av at menneska rundt ho skal ha det godt, noko ho har lært av mormora si.
– Slik sov barna på Mor Teresa heimen. Tett i tett, men dei hadde det bra der, sjølv om det var primitivt. Barna som bur der har vunne i lotto i forhold til dei som berre vart kasta på gata, lagt i søpla, satt bort, eller drepne, fortel Ruth Miriam Kolstad Varhaug.
– Slik sov barna på Mor Teresa heimen. Tett i tett, men dei hadde det bra der, sjølv om det var primitivt. Barna som bur der har vunne i lotto i forhold til dei som berre vart kasta på gata, lagt i søpla, satt bort, eller drepne, fortel Ruth Miriam Kolstad Varhaug.
Trondheim.
Trondheim.
Den unge presten har henta mykje inspirasjon frå Ingrid Bjerkås, den fyrste kvinnelege presten i Noreg. Her er ho utanfor Berg kyrkje, på Skaland i Berg sokn på Senja. – Det var veldig stort å få sjå plassen ho utførte si fyrste prestegjerning, seier Ruth Miriam.
Den unge presten har henta mykje inspirasjon frå Ingrid Bjerkås, den fyrste kvinnelege presten i Noreg. Her er ho utanfor Berg kyrkje, på Skaland i Berg sokn på Senja. – Det var veldig stort å få sjå plassen ho utførte si fyrste prestegjerning, seier Ruth Miriam.
På sykkelturen blei Ruth Miriam (t.h) og Malin Therese kjent med fleire samar. Dei lærte mykje spennande frå dei i desse butikkane langs vegen får Nordkapp til Trondheim.
På sykkelturen blei Ruth Miriam (t.h) og Malin Therese kjent med fleire samar. Dei lærte mykje spennande frå dei i desse butikkane langs vegen får Nordkapp til Trondheim.

– Eg trur familien og vener blei litt overraska då eg fortalte at eg ville bli prest. Dei har alltid vore støttande til valet mitt, men det var nok fleire som trudde at tvillingbroren min kom til å bli prest. Han har alltid vore «typen til det». Eg har aldri fått høyre noko negativt rundt at eg er prest. Dei eg har møtt synes det er litt kult, seier ho.

Begynte å tvile

Etter vidaregåande skule i Mandal bestemte Ruth Miriam seg for å gå eit år på Bibelskulen i Grimstad. Det gav meirsmak og året etter starta ho på teologistudiet ved Misjonshøgskulen i Stavanger.

– Då eg skulle bestemme meg for kva eg skulle bli, tenkte eg at eg er glad i Jesus og i menneske, så då passar det fint å bli prest. Det var eit bra og tungt studie. I seks år studera eg teologi og det var fleire gode, men og tunge stundar.

– Eg hugsar godt ein gong eg kjente at tvilen kom. Er det slik det er? Kan eg tru på dette? Det blei mykje tankar og spørsmål, og det blei veldig vanskeleg fordi eg aldri hadde opplevd å tvile tidligare. Eg tenkte mykje på om eg kunne bli prest om eg tvila. Heldigvis hadde eg mange gode vener i klassa og lærarar som hjelpte meg gjennom det. I ettertid har eg lært at tvil og tru går hand i hand. Det er like naturleg å tvile som å tru. For mange er det rart å tru på noko ein ikkje har sett, men ein kan aldri vere heilt sikker på noko. Det er eit val ein tek. Eg synest det er viktig å vere ærlig om tvilen. Det er ikkje skamfullt, og eg ein skal ikkje vera redd for å komme i kyrkja sjølv om ein tvilar, fortel presten.

Mykje rosa

Leilegheita på Dalen er ferdig innreia og presten har funne sin plass. Eit gamalt kors i tre, som ho har fått i gåve, pyntar opp i det eine vindauget. I selskap av fleire fine bukettar med rosa blomar, som går igjen fleire stader i leilegheita hennar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då eg såg at Tokke og Vinje søkte etter ungdomsprest, og las stillingsannonsa følte eg at Jesus ville at eg skulle til Dalen. Jobben hadde alle dei tinga eg var på utkikk etter, eg brenn verkeleg for arbeid med born og unge. Og då eg såg bilete av kyrkja i Vinje var eg selt. Den var rosa og eg elskar rosa, ler ho.

– Eg søkte på stillinga, men fekk ho ikkje med ein gong. Dei kunne ikkje gje ho til meg grunna at eg ikkje var ferdig utdanna. Eg skulle ha praksis på seks veker og den hadde eg på Dalen. I praksisperioden fekk eg tilbodet om stillinga.

– Eg har ikkje budd på Dalen i meir enn ei veke, men eg føler meg likevel heime. Eg er sjølv frå bygda og likar bygda. Naturen får meg til å føle meg heime og inspirerer meg. Eg er veldig glad i å vere ute. Gå på turar i fjellet og sykle. For nokre år sidan sykla eg i lag med ei venninne frå Nordkapp til Trondheim. I tre veker sykla me og det er ei av dei beste opplevingane eg har hatt. Naturen, særleg i Finnmark gjorde at eg blei rørt. Den er vakker og majestetisk. Det gjorde så inntrykk på meg at eg drog dit for å skrive masteroppgåva mi. I juni var eg der igjen, på besøk hos nokon eg blei kjent med. Det var heilt magisk, fortel Ruth Miriam.

Inspirert av mormor

Det er mykje som inspirerer den unge og omgjengelege presten med sitt gode smil. Ho er oppteken av at menneska rundt ho skal ha det godt, noko ho har lært av mormor Berit Mirijam Kolstad.

– Mormor er eit stor forbilde for meg. Ho er ei fantastisk dame som engasjerar seg og tek godt vare på dei eldre i heimbygda mi. Ho besøker dei som er einsame og hjelper dei. Ho ser dei som trenger hjelp og bryr seg om dei. Slik vil eg og vera.

Ruth Miriam blir inspirert av alle typar menneske. Ho har jobba fleire år på sjukeheim ved sidan av studiane, og har alltid lika å vere i lag med dei eldre.

– Eg likar godt eldre. Å prate med dei, høyre og lære av deira livshistorie, og om korleis ting er blitt som det har blitt. Dei har alltid så mykje spanande å fortelje om det dei sjølv har opplevd. Å dra til andre stader og møte menneske generelt, inspirerer meg og. Mor Teresa er ein stor person. Alt det fantastiske ho har gjort for andre, utan å få noko tilbake, er svært rørande. Eg har vore på Mor Teresa heimen i India ved fleire anledningar. Ein av gongene eg var der, arbeidde eg som frivillig i tre veker. Eg var på barneheimen for barn som skulle bli adoptert bort, og med barna med utviklingshemming. Det var svært givande, fortel Ruth Miriam og fortset:

– Eg gløymer aldri då det kom eit par for å hente barnet dei skulle adoptere. Det vesle barnet lyste opp og det glitra i augo hans. Barnet strakk seg mot dei nye foreldra og ein kunne sjå at han forstod kva som skulle skje. Han skulle få eit nytt liv og ein ny heim. Det er det vakraste eg nokon gong har sett. Eit magisk og svært rørande augeblikk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sorgsamtalar og gravferd

– Kva synest du er det vanskelegaste med jobben som prest?

– Då eg starta på utdanninga mi grua eg meg lenge til sorgsamtalar og gravferder. Det er noko at det tøffaste med denne jobben, men på ein måte er det noko fint med det og. Å møte menneske der dei er i gode og vonde periodar i livet. Utan fordommar og med noko godt, som Jesus. At eg kan sjå dei som dei er. Det er noko av det viktigaste eg kan gjere som prest.

– Sidan eg berre er 26 år har eg ikkje opplevd å miste nokon av mine aller næraste. Det blir vondt når den tida kjem og det er alltid trist å miste nokon. Det som skjer uventa er det verste, og eg gruar meg til den dagen det blir snakk om barn. Det er aldri riktig at barn døyr, og det veit eg at kjem til å bli vanskeleg. Det er det. Uansett kor rutinera ein er som prest.

– Eg gler meg til eg kjem ordentlig i gang i jobben min på Dalen. Til å halde gudstenester i kyrkjene i Tokke og Vinje, til å jobbe i lag med dei andre prestane og til trosopplæring og konfirmantane, som eg brenn veldig for. Eg vil peike på Jesus. Det er mitt kall, seier ungdomspresten i Tokke og Vinje. Ruth Miriam Kolstad Varhaug blir ordinera i Rauland kyrkje 10. september.