Sjølv var Ingebjørg Bratland skeptisk til om ho kunne halde konsert i hovudstadens storstove. Det tvilar ingen på etter den stemningsfulle konserten laurdag kveld.
Sjølv var Ingebjørg Bratland skeptisk til om ho kunne halde konsert i hovudstadens storstove. Det tvilar ingen på etter den stemningsfulle konserten laurdag kveld.

Bratland fylte Oslos storstove med bravur

Ingebjørg Bratland synest det var å sikte vel høgt å skulle ha konsert i Oslo spektrum aleine. Laurdag kveld verka storstova akkurat passa stor.

– Dette er ein stor dag for Lillebjørg, sa Ingebjørg Bratland i det ho tok tak i mikrofonen for fyrste gong.

Ho hadde aldri stått aleine framfor eit så stort publikum. Sjølv berre avfeia ho forslaget glatt då nokon i teamet hennar føreslo konsert i Oslo spektrum i fjor haust.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var ikkje min ide for å seie det slik. Eg synest kanskje det var å leggje lista litt vel høgt.

Stolte foreldre

Spenninga hadde vore stor lenge. Heilt frå ho slapp albumet «Hjarteskjel» i oktober har tankane vore på denne kvelden. Det kunne foreldra i salen bekrefte.

– Det er ein stor plass. Både me og Ingebjørg har vore spente på kor mange som kom. Ho har jo kome med eit heilt nytt album, så det var spennande å sjå om folk var like interesserte, seier mor Elizabeth Harman Bratland.

Elizabeth Harman Bratland og Inge Sondre Bratland var sjølvsagt på plass for å sjå dottera i Oslo. Dei var glade for å sjå at Ingebjørg kosa seg på scenen.
Elizabeth Harman Bratland og Inge Sondre Bratland var sjølvsagt på plass for å sjå dottera i Oslo. Dei var glade for å sjå at Ingebjørg kosa seg på scenen.
Margit Kolbotn frå Dalen (i midten) tok med seg ein heil gjeng frå Sogndal der ho studerer, for å sjå Ingebjørg Bratland i Oslo. Endre Hilleren (frå venstre), Hanne Lindtveit, Margit Kolbotn og Aashild Aas var einige om at det var verdt kvar kilometer.
Margit Kolbotn frå Dalen (i midten) tok med seg ein heil gjeng frå Sogndal der ho studerer, for å sjå Ingebjørg Bratland i Oslo. Endre Hilleren (frå venstre), Hanne Lindtveit, Margit Kolbotn og Aashild Aas var einige om at det var verdt kvar kilometer.

– Og så kom det så mange. Det er utruleg koseleg å sjå, seier far Inge Sondre Bratland og kikkar bak seg på fullsette radar heilt opp til taket i konsertsalen, og legg til:

– Eg trur det gjeng veldig fint i kveld eg. No er me ikkje like spente lenger, smilte kveldens stoltaste far.

Elton John-jakke

Far Bratland visste kva han snakka om. Det var vanskeleg å sjå at dette var ein uvanleg kveld for 27-åringen frå Edland.

Ho starta med «Ingenting» og heldt fram med «Ingen er som du» i paljettjakke og høge hælar. Mor og far kom ikkje unna å bli nemnt mellom songane.

– Eg tok på meg Elton John-jakka mi i dag. For fyrste gong eg høyrde om Oslo spektrum var då mor og far tok bussen inn til Oslo for å sjå Elton John i Spektrum. Difor måtte eg nesten ta den i dag, sa Bratland og hausta latter frå salen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Både med og utan gitar viste ho at konsertarenaen var akkurat passeleg stor for stemmeprakta hennar. Publikum var begeistra frå fyrste stund.

– No må de nesten slutte å klappe, for eg tenkte å fortelje noko artig, sa Bratland og fekk endå meir respons frå publikum.

Mobilslager

Strykarar frå Oslo strings og bandet beståande av Nicolay Tangen Svennæs, Øyvind Blomstrøm, Stig Løvberg Værnes og Tor Egil Kreken, fekk fram det beste i songane til Vinje-artisten. Likevel var eit av dei store høgdepunkta då bandet blei stille. På «Det hev ei rose sprunge» var det berre Ingebjørg, og det var meir enn nok for dei over åtte tusen publikummarane. Bob Dylan-coveren «Fordi eg elskar deg» var den songen publikum såg ut til å ville dele med vener som ikkje var på konserten. Mobilane skaut opp i vêret over heile salen då Bratland song ein av låtane ho har blitt mest kjent for. «Eim av parfyme» frå det førre albumet «Månesinn» var eit av dei mange andre høgdepunkta som verkeleg blei løfta av bandet ho hadde i ryggen. Publikum fekk også bli betre kjent med mange av songane på det nye albumet, før ho avslutta med hiten «Stjernene».

Bratland kom sjølvsagt tilbake og gav Spektrum ein ekstra dose jolestemning då ho serverte dei «Jul i svingen» frå årets julekalender på NRK heilt til slutt.

Så ga tusenvis av Bratland-fans ho ståande applaus etter det som må ha vore det største 27-åringen har gjort hittil i si solokarriere.

– Surrealistisk

To glade og synleg stolte foreldre kom bort etter applausen var gitt seg.

– Det viktigaste var at eg såg Ingebjørg kosa seg så på scenen, smiler mor Elizabeth.

Det hadde mor heilt rett i.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var akkurat så fantastisk som eg hadde håpa. Eg kosa meg glugg, seier Bratland til VTB dagen etter konserten.

Framleis hadde det ikkje heilt gått opp for ho at så mange tusen hadde bruka laurdagskvelden sin berre på å sjå ho.

– Det er jo litt surrealistisk i grunn. Eg er vanvitig takknemleg og audmjuk over at så mange tok turen berre for å sjå meg.

Tok turen frå Sogndal berre for konserten

Margit Kolbotn frå Dalen bestilte billettar til konserten i desember i fjor, og fekk med seg ein heil gjeng frå studiestaden Sogndal, berre for å reise på konserten med Ingebjørg Bratland.

– Å herlighet, eg blei heilt sett ut. Det var skikkeleg fint. Eg blei litt rørt eg, smiler Kolbotn etter konserten.

24-åringen hadde jobba for å verve fleire Ingebjørg Bratland-fans etter at ho bestilte konsertbillettar for nesten eit år sidan. Det skulle vise seg å ikkje vere vanskeleg, og gjengen blei til slutt på seks stykk.

– Det var verdt kvar kilometer, seier resten av gjengen.

Det var den fyrste konserten med Vinje-artisten for dei alle, og for Kolbotn var høgdepunktet klart.

Artikkelen held fram under annonsen.

– «Det hev ei rose sprunge» var kanskje det finaste.