Bli kjent med Lazz

Lasse «Lazz» Jensen er kanskje ikkje like mykje framme i rampelyset som makkeren sin, men det betyr ikkje at han ikkje har noko å seie. For det har han. Ein heil del, faktisk.

På eit soverom i Dublin sit Lasse Jensen og smiler breitt. Han er i sin andre heim, hjå ho som skal bli kona hans i sommar.  

– Eg skal gifte meg 25. juli og 1. august, med to forskjellige. Nei, då. Me skal halde bryllaupsfest fyrst i Noreg og så i Irland, slik at folk ikkje treng å reise så langt. Det blir med andre ord éin fest for hennar vener og éin for mine. Me valte to onsdagar, slik at helgespelinga kunne gå som normalt. Eg har aldri sagt nei til ein jobb, seier Lasse lattermildt. 

Artikkelen held fram under annonsen.

I sommar skal han og bandkameraten Stian «Staysman» ut på det dei omtalar som «en helt sykt stor sommerturné».  

– Turneen har eigentleg vart i over eitt år alt. Planen var eigentleg å ta fri i april, men det skjedde ikkje. Me spelar eigentleg heile tida.  

Berre i løpet av sommaren skal duoen stå på scena 33 gonger.  

– Det må då bli intenst? 

– Ja, du blir veldig sliten, så når du fyrst får ein ferie er du fornøgd med det. Det treng du. I år har me planlagt fri i november og desember. Så får me sjå om det går. Eg er ikkje så sikker, men eg håpar det.  

Ein fornøgd bakgrunnsmann  

Lasse er klar på at han ikkje vil klage på tilværet. Ikkje i det heile teke.  

– Det har jo vore draumen vår å få til å leve av dette. Eg hugsar eg sat heime og såg kjentfolk spele på VG-lista og ønskte å gjera det same, og så brått året etterpå så var me der sjølve. Det skjedde mykje på kort tid. Det tok litt av etter at Stian blei med på Paradise hotel. Me hadde ikkje færre jobbar før det, men alt blei mykje enklare då han blei eit kjent andlet. Me fekk betre betala og fekk samarbeide med eit bookingfirma som gjer ein veldig god jobb. Mykje fint skjedde.  

Det er kanskje ikkje så mange som ville kjent att Lazz på gata. Staysman har blitt den særs offentlege og attkjennelege frontmannen for duoen. Nokon vil kanskje tenke at det er litt kjipt for Lazz, men det kan han forsikre oss om at det absolutt ikkje er.  

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er veldig tilfreds med det. Han har jo vore på TV no i fleire år. Eg har eigentleg valt å halde meg litt i bakgrunnen i forhold til han. Han har noko på hjartet òg, for å seie det slik.  

– Og det har ikkje du? 

– Jo, jo, men viss ein fyrst skal snakke om kapp så vinn han uansett, ler Lasse.  

– Han tjatrar like mykje uansett, så viss eg òg skulle ha halde på slik hadde det blitt for mykje for folk. Det kan ikkje vera to av oss. Då blir me ei masegruppe. Så det held nok med han.  

Han ser verkeleg ut til å meine det. Det er ein rimeleg audmjuk kar som sit på framfor pc-en i Irland.  

Barndomskameratane som blei popstjerner  

Lasse og Stian har kjent kvarandre sidan dei var fire år gamle. Dei spelte hockey saman i Fredrikstad, og akkurat der og då var det lite som tydde på at dei skulle reise landet rundt og synge om godt steikte pizzaar.  

– Då me begynte på ungdomsskulen, så spela eg i eit band som heitte Toothpicks. Me spelte popmusikk, sidan det var det som var in der og då. Stian spelte sin eigen musikk på den tida. Han hadde ein liten EP med fem låtar eller noko slikt. Eg syntest den var veldig morosam, hugsar eg.  

Dei gjorde litt på kvar sin kant, før dei gjekk saman om å lage noko felles litt seinare på ungdomsskulen.  

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har halde på i mange år no, med andre ord, og har ikkje tenkt å gje oss enno. Me lagar alltid ny musikk.  

Planen dei hadde i starten var å lage ei plate med alle typar sjangrar, men dei landa raskt på pop.  

– Etter kvart slo fyrste versjon av singelen vår Uten sko litt an, og då hugsar eg me begynte å diskutere om me skulle prøve å satse, berre for moro. For å sjå om det gjekk. Då det faktisk begynte å fungere var det veldig stas.  

Nokre år seinare, i 2010, deltok Staysman & Lazz i Se og hørs sommerstjerner. Der gjekk dei heilt til topps og skaffa seg platekontrakt.  

– Det som er humoren der er at me var dei som var 28 og resten var mellom 10 og 16, ler han.  

– Så det var eigentleg ein slags barnekonkurranse?  

– På ein måte. Det var sms-stemming, så me knuste dei ungane der sønder og saman. Ein kunne vinne platekontrakt med Sony, så me skulle berre vinne. Me gav oss ikkje. Litt grovt, men. Me køyrte på. Det var moro. 

Vips, så hadde guteromsprosjektet blitt til noko større.  

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me begynte fordi det var moro. «To kasser øl og ei Bacardi razz, då får du besøk av Staysman & Lazz», bruka me seie. Det var ingen av oss som drakk Bacardi razz, eigentleg, men. I 2007 spelte me vår fyrste konsert, og då fekk me 3000 kroner for tre låtar. Då boksa me kvarandre i skuldrane og sa «dærsken, no tener me pengar». Me var så utruleg stolte over å kunne tene pengar på noko me hadde laga. Eg trur ikkje me hadde gått med på det no, men det var stort der og då, mimrar Lasse.   

Vekslar mellom pop og metall  

Staysman & Lazz er hovudjobben til Lasse, men langt ifrå den einaste. Han kan smykke seg med titlane gitarist, låtskrivar og produsent òg.  

– Eg har gjeve ut to plater med eit metallband eg styrer mykje med. Oceans of time, heiter me. 

– Det er heilt i andre enden av skalaen det.  

– Heilt totalt. Det er progmetall. Det er melodiøs musikk da, så det er ikkje så mykje skriking og slikt. Ein vokalist eg har jobba mykje med er Jørn Lande. Veit du kven han er?  

– Nei, det trur eg ikkje at eg gjer.  

– Han er ein av verdas beste rockevokalistar. Det er han som syng Alt for Norge. Han er stjerne i verda, men i Noreg er det nesten ingen som veit kven han er. Eg har vore med og produsert sju plater for han.  

Eit anna prosjekt Lasse har vore særleg stolt av den siste tida, er produsering av musikken til videospelet League of legends.  

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er eit veldig stort spel, og no kan eg seie at eg har produsert vokal og musikk i bakgrunnen der, forklarer han, tydeleg begeistra.  

No spelar Lasse altså mest gitar, men i starten av musikarlivet sitt så spelte han trommer.  

– Eg starta som trommeslagar, men eg merka fort at det blei litt for langt bak på scena. Eg hadde eit behov for å kome meg fram. Trommeslagaren blir jo aldri sett, heilt krise, ler han.  

– Då er det vel fint når du og Stian kan fram til scenekanten og hoppe og hoie litt? 

– Ja, men etter kvart som at eg har blitt eldre er det ganske fint at Stian kan ta mesteparten av det der.  

– Kanskje det blir litt rolegare etter at du giftar deg òg? 

– Ikkje så mykje, slik det ser ut no, i alle fall. Eg har bygt med eit studio i Irland òg, så eg har tilgang på det eg treng begge stader. Eg kjem nok til å pendle att og fram etter at me har gifta oss. Det blir litt krevjande, men det er berre å planlegge på ein litt annan måte. Reising er eg vane med frå før av.  

Prøvar å kutte ned på drikkinga  

Før den «sykt store sommerturneen» går mot slutten, skal Lasse og Stian stå på scena i Treungen i august – for tredje året på rad.   

Artikkelen held fram under annonsen.

– Treungen er i alle fall topp tre av favorittstadene våre å spele. Det er heilt magisk oppi der. Alltid like triveleg. Det eine året regna det så fælt, så me fekk ikkje noko særleg inntrykk på vegen opp dit, men då me kom fram stoppa regnet. Publikum var heilt i hundre, og me storkosa oss. Det er ein gira gjeng, altså.   

– Kva passar de på å få servert backstage før ein konsert, då? 

– Rideren vår er så utruleg kjedeleg. Me har nesten det same som då me starta. Eg likar å seie at me ikkje drikk like mykje som me gjorde før, men det kan hende eg lyg. Før hadde me to kasser boksøl og ei Bacardi razz. No har me kutta ned til tolv boksar, men lagt til ei flaske raudvin og ei flaske prosecco. I tillegg til Bacardi-flaska, då.  

– Forresten, frukt! Det er kanskje det mest spesielle der. Eg må seie at eg synest det er deilig med litt med frukt før eg går på.