Denne helga deltek David Asprusten i NM i quiz. Kvar laurdag framover er han quizmaster på VTBs helgesider.
Denne helga deltek David Asprusten i NM i quiz. Kvar laurdag framover er han quizmaster på VTBs helgesider.

Quizkongen

Han har norske statsministrar på skulebiblioteket og det greske alfabetet i huset til tante og onkel. I David Tørre Asprustens hovud er kunnskapen sett i system.

Tidlegare i år vann 17 år gamle David Tørre Asprusten frå Kviteseid den nasjonale juniorklassa i quiz-VM. Det er dermed knytt ei viss spenning til korleis det går når han denne helga deltek i NM i quiz. Der skal han måle krefter med dei skarpaste hovuda i landet – både andre juniorar og dei eldre seniorane.

Slikt krev opplading. Men heime på internatet på Kvitsund ei veke før noregsmeisterskapen startar, er David roleg. Det er vanskeleg å trene seg opp til ein konkurranse der tema er alt mogleg. Ein må rett og slett lese seg opp på tema for tema og håpe på det beste. Eit tema han held på me no, er norsk geografi.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så på skåpdørene på det vesle internatrommet heng difor 19 post-it-lappar med namna på fylka i Noreg. Planen er å øve inn kva kommunar som ligg i kva fylke, og kva kommunar som høyrer til dei ulike regionane.

59 sekundar

David er kristen og har Bibelen som yndlingskategori. Men også geografi er ein av favorittane –sjølv om den norske stundom kan vere ganske vanskelig. Flaks då at «testoppgåva» David får av VTB har nettopp geografitema. Oppgåva lyder slik: Det er ti land i verda som berre har fire bokstavar i namnet. Kva for land?

David tek seg til panna og startar oppramsinga. Han peikar i lufta etter kvart som han systematisk og veldig raskt går gjennom verdsdel for verdsdel. Erfaringa tilseier at om ein berre nemner ut frå det ein hugsar på rappen og ikkje går gjennom systematisk, vil ein gjerne slite med den siste tingen ein skal hugse. I det stoppeklokka bikkar 59 sekundar har han ramsa opp alle ti landa. (Kor lang tid brukar du? Test deg sjølv før du les slutten av artikkelen, der svaret står.)

Borten på biblioteket

System er nykelordet for David når det gjeld å tileigne seg kunnskap som ikkje får plass i langtidshukommelsen slik heilt utan vidare. Noko er slikt han berre hugsar av seg sjølv, for som han seier sjølv:

– Eg slit ikkje så veldig med hukommelsen.

Men han har også arbeidd mykje med memoreringsteknikkar, særleg dei Oddbjørn By skildrar i boka Memo.

– Eg likar ikkje å pugge. Så det gjer eg ikkje, seier David.

I staden brukar han memoreringsteknikkar. Ein av dei går ut på å plassere det nye stoffet i ei slags reiserute, gjerne i eit rom eller eit hus han kjenner godt. Dei norske statsministrane har han plassert på ulike «stasjonar» i skulebiblioteket på Kvitsund. Så i hovudet til David er dei der i biblioteket – Per Borten, Oddvar Nordli og resten av gjengen, i rett rekkjefylgje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Per Borten sat frå 1965 til 1971. For å hugse «65 til 71», byter David ut tala med bestemte bokstavar i eit system Oddbjørn By har laga. Av desse tala lagar David eit ord han lett kan hugse. 65 blir til SF, som han lagar ordet «siffer» av. For å få dette til å bli til Per Borten i 65, har David i hovudet sitt laga eit bilete av ein han kjenner som heiter Per, som sit og held eit enormt åttetal – altså eit siffer. Som betyr 65. Om det faktisk stemmer at han sat til 1971, kan han kontrollsjekke ved neste stasjon, som er Trygve Bratteli. Merkelege bilete, som det med åttetalet, bidreg til å gjere reiseruta enkel å hugse.

Puh. For ein uinnvigd høyrest det komplisert ut. Men David insisterer på at teknikkane fungerer som ei kule. Det greske alfabetet – som er langt – har han i huset til onkel og tante.

Ung og erfaren

Det er truleg ikkje så mange 17-åringar som bryr seg om å kunne alle statsministrane etter krigen, det greske alfabetet, slektstavla frå Abraham til Jesus og øystatar i Oseania på rams. David er blant dei aller yngste i quiz-miljøet.

– Då eg deltok i konkurransen Norway Open på puben Scotsman i Oslo, var det eg som var skuld i at dei måtte stoppe skjenkinga nokre timar, smiler David.

– Det er jo litt vittig, men reglane måtte jo fylgjast og ein 17-åring har like stor rett til å vere med som ein myndig.

Men alderen hindrar han ikkje i å gjera det skapt i konkurranse med Noregs beste quizarar. I Norwegian open kom han på 37. plass av totalt 49. Og der var han desidert yngst og blant eliten i Noreg. Dei aller fleste han konkurrerte med var rundt 40 år og eldre.

I VM, der han vann juniorklassa i Noreg, kom han på 13. plass blant juniorane på verdsbasis, av totalt 137.

Fjosepose og Brustadbu

Den unge alderen gjer at David må lære seg mykje av det som er slikt ein får med seg når ein har levd litt. Omgrep som Brustadbu og Fjosepose er ikkje noko ein 17-åring til vanleg går rundt og veit tydinga av.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men desse omgrepa har David støtt på i ulike spørjebøker og sjekka opp, og han kan fortelje at Fjoseposen er nemninga på nøytrale plastposar frå Vinmonopolet som ikkje avslører innhaldet, oppkalla etter sosialminister Bergfrid Fjose (1915–2004).

Så slikt kan han. Det er verre med populærkultur. Det er ikkje Davids favorittfelt. Film, tv, pop og rock er kategoriar han ikkje umiddelbart omfamnar.

– Eg har ikkje så peiling på Frustrerte fruer og slikt. Men eg prøvar å lesa litt om det for å ikkje vera heilt utanfor, smiler han.

Fotball er heller ikkje favoritten. Og ikkje skihopp. David blar litt i sportskategoriane i ei av dei mange quizbøkene sine.

– Sjå her ja. Kva nordmann vann den tysk-austerrikske hoppveka i 2007? Det blir rein gjetting for min del. Anders Jacobsen, ja. Då veit eg det.

Håpar på QuizDan

Det er berre å håpe at han får nettopp dette spørsmålet når han i dag avsluttar NM i quiz. Eller noko om det greske alfabetet, eller norske statsministrar. Eller eit par skikkeleg vrine spørsmål om Bibelen, slik at han verkeleg kan briljere. Men eigentleg kan han ganske mykje om det meste, David. Og så er det noko han ikkje kan nokon ting om.

– Og slik er det for alle. «Ingen hugsar alt, men alle hugsar noko,» som det står på ei av spørjebøkene mine.

Seinare i haust skal han delta i kvalifiseringa til NRK-programmet QuizDan, både i Skien og Tønsberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har sett både spørsmåla og resultata frå dei førre kvalifiseringane i begge byane og eg veit at eg hadde blitt bymeister i Tønsberg om eg hadde vore med der. Då hadde eg kome med i fjernsynsprogrammet. I år blir konkurransen tøffare, fordi meisterlaga ikkje er direkte kvalifisera. Det gjer det enda meir spennande. Så det er berre å håpe, smiler den konkurranseinnstilte 17-åringen.

(Kom du under 59 sekund då du ramsa opp Cuba, Peru, Mali, Togo, Laos, Oman, Iran, Irak, Kina og Fiji? For meir hjernetrim, sjå VTBs nye laurdagsspalte Hjernetrim, der David er quizmaster kvar helg framover.)

Quiz

– Quiz er ei form for spørjekonkurranse, der deltakarane, anten individuelt eller i lag, konkurrerer om å svare rett på flest mogleg av spørsmåla som blir delt ut eller stilt av en quizleiar (quizmaster).

– Ordet quiz er engelsk og opphavet til ordet er ukjent.

– NM i quiz er organisert av Noregs Quizforbund, og blei arrangert for fyrste gong i 2004.