Tysdag
29/7-2014

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Biskop på bli kjent-tur


Ny i jobben: Vest-Telemark er det fyrste prostiet biskop Stein Reinertsen vitjar etter utnemninga.

Den nyvigsla biskopen i Agder og Telemark, Stein Reinertsen, understreka at det er rom for ulike syn i kyrkja då han vitja Vest-Telemark denne veka.




Tysdag denne veka, i Odinsalen på Morgedal hotell: Biskop Stein Reinertsen held tale til dei kyrkjeleg tilsette i Vest-Telemark, der han fortel kva ynske og forventningar han har til dei.
– Eg forventar av dykk at de vitnar om oppstandelsen slik at menneske kan koma til tru. Og eg forventar at de svarar ærleg på spørsmålet om kva eg skal gjera for dykk, seier biskopen, før han spør om det er nokon som lurar på noko.
– Korleis det gjekk på 10-kilometeren for kvinner i VM, til dømes? De kan få fyrsteplassen fyrst. Therese Johaug …
– Eg er glad i sport også, ja, smiler Reinertsen når VTB møter han etterpå.

Aksepterer ulike syn
Den tidlegare prosten i Mandal blei vigsla til biskop i Agder og Telemark 27. januar i år, og skal no vitje alle dei 11 prostia i bispedømmet.
Reinertsen er den fyrste biskopen sidan reformasjonen som den norske kyrkja sjølv utnemner. Det er eit resultat av at Stortinget i fjor endra Grunnlova, avvikla kyrkjeleg statsråd og bestemte at biskopar og prostar skal tilsetjast av kyrkjelege organ.
– Oppgåva mi som biskop blir å leggje til rette for at kyrkja skal leva i Vest-Telemark og dei andre prostia, programerklærer biskopen.
Då det blei kjent at Reinertsen blei valt, kom det ein del kritikk frå partar som meinte han er for konservativ. Mellom anna vier han ikkje folk som har vore gift før.
– Det er alltid rom for at ein ser ulikt på ting. Eg vil aldri detaljregulere læra til folk. Ein prest er forplikta til å handle ut frå bibel og truvedkjenning, men det er sjølvsagt rom for ulike tolkingar, seier Reinertsen.
– Eg aksepterer at folk har ulike syn, og eg støttar prestane i det synet dei har. Det er jobben min, legg han til.

Dyktig forgjengar
Reinertsen overtek etter tidlegare biskop Olav Skjevesland.
– Det er enkelt å overta etter nokon som har gjort ein god jobb. Så det er enkelt å overta etter Skjevesland, seier Reinertsen.
Vest-Telemark er det fyrste prostiet han vitjar som biskop. Ein flott del av bispedømet, meiner Reinertsen, som frå før er knytt til Vest-Telemark på fleire vis.
– Eg trur det er veldig mange som er glade i kyrkja i Vest-Telemark, smiler biskopen.
Tysdag kveld heldt han preike i Brunkeberg kyrkje for om lag hundre frammøtte. Etter gudstenesta inviterte Brukeberg sokneråd til kyrkjekaffi med blautkake, og den nye biskopen fekk velkomsthelsingar av regionordførar Torstein Tveito og soknerådsleiar Hadle Hovda.


Artikkelen er publisert 02/03-2013

Aktuelle saker:
Den aller sterkaste jenta vår
26 000 på solfylt countryfestival
Får ikkje parkert ved sjukehuset
På veg mot ny varmerekord
Stempla rådmannen som «ugild»
Miljødepartementet talar med to tunger
Oss «likemenn» i mellom
Fyrstereis til Norway cup
Obs: Det blir meir vatn i åi!