Onsdag
30/7-2014

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Byggjeprosjekt til 15 millionar


Etterlengta: I dette området vil Halvor Solberg ta initiativ til at det blir bygd etterlengta bustadmasse i Fyresdal sentrum.

Snart er planane finteikna for privat bustadprosjekt til rundt 15 millionar kroner i Fyresdal sentrum.




På 1980-talet kom det fire leilegheiter for utleige i eit nyoppført bygg i Fyresdal sentrum. I fjor kjøpte fyresdølen Halvor Solberg bygget, og utleiga held fram.
No er Solberg på investeringsfarten igjen, denne gongen saman med vennen Johan Cappelen i Oslo. For ein del år sidan fekk Cappelen hjelp av Solberg til å restaurere hytta si på heia ved Fjone. Slik byrja eit vennskap som er der den dag i dag.
Solberg veit det er behov for bustader i Fyresdal sentrum, då han stadig får telefon frå nokon som vil leige i bygget han overtok i fjor. Ideen kom om å sette opp leilegheiter for sal, eit prosjekt Cappelen hadde veldig lyst til å bli med på. Saman etablerer dei om få dagar Fyresdal Utvikling AS som skal stå for utbyggingar til rundt 15 millionar kroner. Båe investorane er likestilte i den etterlengta satsinga i Fyresdal.
– Det er artig at ein mann i Oslo vil investere i leilegheiter i Fyresdal. Totalkostnaden på rundt 15 millionar kroner er litt pengar, men eg har tru på denne satsinga, seier Solberg.

Ikkje førehandssal
Det skal kome tre bygg med sju leilegheiter i kvart.
– Me set opp eitt bygg av gongen. Fyrst når bygget står ferdig blir dei sju leilegheitene lagt ut for sal. Det kjem også garasjar, og det er ei billig investering i forhold til at det aukar verdien. Når du skal selje må alt vere i orden, seier Solberg.
I kvart av bygga blir det tre leilegheiter i øvre etasje, og kjøpeprisen vil liggje i overkant av to millionar kroner. Kvart av dei fire husværa i nedre etasje vil ha lågare pris enn dette.
– Det som bestemmer at dette skal gå, er at det er sentrumsnære leilegheiter med høg standard, seier Solberg.
Bygga kjem opp på eigedomen til Helge Momrak og like ved utleigebustadene Solberg har overteke. Det er tidlegare lagt til rette for vatn og kloakk i området.
– Det einaste eg er redd for er at fylkesarkeologen skal byrje med store utgravingar og det blir ein stor kostnad. Då trur eg at eg skrinlegg heile greia. Det er nok bortkasta for arkeologen å finne noko her, så eg trur ikkje det blir eit problem, seier Solberg.
Han håpar det blir byggjestart på seinsommaren.
– Eg trur eg gjer eit viktig bidrag for bygda, seier Solberg om ei satsing som nok blir jubla for i kommunen.


Artikkelen er publisert 02/03-2013

Aktuelle saker:
Den aller sterkaste jenta vår
26 000 på solfylt countryfestival
Får ikkje parkert ved sjukehuset
På veg mot ny varmerekord
Stempla rådmannen som «ugild»
Miljødepartementet talar med to tunger
Oss «likemenn» i mellom
Fyrstereis til Norway cup
Obs: Det blir meir vatn i åi!