Onsdag
30/7-2014

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

No tør dei!


– Me tør: Ordførarane Erik Skjervagen (Ap, Fyresdal), Solveig S. Abrahamsen (H, Seljord) og Arne Vinje (SV, Vinje) blei utfordra av næringslivet i Vest-Telemark til å seie kva dei meiner og trur om framtidig kommunestruktur. Ikkje overraskande var høgresida meir positiv til samanslåing enn venstresida – men alle tre ynskjer debatten velkomen.

Kommunesamanslåing har vore eit politisk ikkje-tema i Vest-Telemark. Tysdag kveld våga tre av ordførarane å tone flagg i debatten som etter kvart tvingar seg fram.




Solveig Sundbø Abrahamsen (H) i Seljord, Erik Skjervagen (Ap) i Fyresdal og Arne Vinje (SV) i Vinje tok utfordringa på strak arm då Gunnar Eilefstjønn i Vest-Telemark næringsforum ringte med fylgjande spørsmål: Om dei kunne tenke seg å «sjå i glaskula» og dele sine tankar og syn på framtidig kommunestruktur?
Næringstreffet til næringsforumet (VTNF) var ein passeleg upolitisk og ufarleg arena å starte å snakke om kommunestruktur, meinte Eilefstjønn.

Kjempar mot einannan
Alle tre ordførarane var opptekne av at ein må starte å snakke om dette. «Tore å ta debatten», som det heiter på politikarspråk. Denne kvelden gjekk dei vidare enn å berre snakke om at ein må starte å snakke om det, og kom med sine personlege tankar om kommunesamanslåing i Vest-Telemark.
Høgreordføraren i Seljord overraska ikkje då hovudtyngda av argumenta hennar tala for ei samanslåing. Statsministerkandidat og partileiar i Høgre, Erna Solberg, er kjent for å vera forkjempar for kommunesamanslåing. Under den fyrste Vest-Telemark-konferansen i 2004 sa Solberg at samanslåing til ein eller to kommunar i Vest-Telemark vil gje ein større gevinst enn interkommunalt samarbeid.
Seljord-ordføraren gjekk langt i å meine at ein kommune i Vest-Telemark kan vera framtida, men ho vil ikkje konkludere før saka er gjennomanalysert.
– Eg seier ikkje at eg bestemt meiner me skal slå saman kommunane i Vest-Telemark. Eg seier at me treng ei grundig analyse av temaet, og så må avgjerda koma på bakgrunn av det, sa Sundbø Abrahamsen.
Ho meinte at dagens kommunestruktur er eit hinder for å skape dei beste tilboda i regionen i framtida, særleg når det gjeld utvikling av gode arbeidsplassar.
– Dagens kommunestruktur gjer at me ofte må kjempe mot einannan om ressursane, sa Abrahamsen, som ynskte at initiativet til samanslåing skal koma nedanfrå.
Større kommunar vil også gjera det enklare å fjerne fylkeskommunen som forvaltningsnivå, noko som vil gje auka kommunalt sjølvstyre, argumenterte Abrahamsen.

Avvisande Skjervagen
Dei to ordførarane lenger til venstre politisk, Skjervagen og Vinje, var meir lunkne til å slå saman dei store, men små kommunane i Vest-Telemark. Skjervagen var svært avvisande, og sa rett ut at han ikkje trudde det var løysinga for Vest-Telemark. Han meinte tvert imot nøkkelen til utvikling ligg i å skilje seg ut og profilere seg – ikkje i å slå seg saman.
– Me er berre rundt 15 000 innbyggjarar i Vest-Telemark. Me blir små uansett, sa Fyresdal-ordføraren.

Døme frå Valdres
Det poenget hadde også Arne Vinje. Han argumenterte med at seks ordførarar har større påverknadskraft sentralt enn kva éin Vest-Telemark-ordførar ville hatt åleine.
– Dessutan må dette vera ein demokratisk prosess. Og det er ikkje noko folkekrav om samanslåing i Vest-Telemark, sa Vinje.
Så fortalte han om eit forsøk på samanslåing av fire kommunar i Valdres: Nord- og Sør-Aurdal og Øystre og Vestre Slidre. Dei hadde jobba fram ei felles løysing der Fagernes skulle vera kommunesenter, og alle ordførarane var samde. Men då den rådgjevande folkeavrøystinga var halden, var resultatet eit rungande nei i tre av kommunane. I den fjerde, Nord-Aurdal, der Fagernes ligg, var det eit lite fleirtal for.
– Eg trur me ville fått eit likande resultat om me prøva noko slikt i Vest-Telemark i dag, sa Vinje.

Kva vil ein oppnå?
Vinje peika på at ei samanslåing vil føre med seg endringar i busetjingsmønster og lokalisering av arbeidsplassar.
– Vil me det? Det må me ta stilling til i ein debatt om samanslåing. Vest-Telemark vil ikkje ha den største effekten av å endre kommunestruktur. Det er store avstandar frå Tveitsund til Møsstrond, sa Vinje.
Han stilte spørsmål til næringslivet om dei trudde det ville bli lettare for dei å vera i kontakt med ein stor sentraladministrasjon enn mindre kommuneadministrasjonar. Lokalkunnskap vil også vera ei utfordring, sa Vinje.
– Trass i at eg har kome med fleire argument mot enn for samanslåing, meiner eg at dette er noko me er nøydde til å diskutere. Når det kjem ynske frå næringslivet om å ta opp dette, vil me gjera det, sa Vinje-ordføraren.

Vest-Telemark næringsforum (VTNF)
– Vest-Telemark Næringsforum er eit næringspolitisk organ og ein møteplass for å fremje kompetanse og nettverksbygging mellom medlemmene. Medlemsgrunnlaget er private enkeltmannstiltak, verksemder/selskap, rådgjevingsmiljø, høgskulen, bankar og organisasjonar i Vest-Telemark.
– Rundt 100 Vest-Telemark-verksemder er medlem i forumet.
– Knut Inge Skoland er dagleg leiar. Gunnar Eilefstjønn er avtroppande styreleiar, og Tor Gunnar Austjord tek truleg over etter han.
– VTNF si hovudoppgåve er å fremje samarbeid, vekst og gode rammevilkår for og mellom verksemdene i Vest-Telemark.
Kjelde: vtnf.no

Artikkelen er publisert 28/02-2013

Aktuelle saker:
Den aller sterkaste jenta vår
26 000 på solfylt countryfestival
Får ikkje parkert ved sjukehuset
På veg mot ny varmerekord
Stempla rådmannen som «ugild»
Miljødepartementet talar med to tunger
Oss «likemenn» i mellom
Fyrstereis til Norway cup
Obs: Det blir meir vatn i åi!