Onsdag
23/7-2014

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

352 færre på ti år, men pendelen har snudd


15 år sidan sist: I 1972, 1997 og 2012 blei det født fire barn i Dalane i Kviteseid. Her er 1997- og 2012-modellane samla. Frå venstre: Marthe Magnushommen med Magnus Moen, Ida Lundeberg med Knut Olav Vesterdal, Martine Wisland med Olivia Zyck og Lars Erik Magnushommen med Madelen Østtveiten-Andersen. (Foto: Tone Tveit)

Folketalet ved utgangen av 2012 viste at det er 28 fleire vesttelar enn på same tid året før. Fire av vesttelane som auka statistikken i 2012 var to jenter og to gutar i Dalane i Kviteseid. Dei er historiske sidan det er femten år sidan det sist var så stort barnekull i den vesle bygda.




I førre veke offentleggjorde Statistisk sentralbyrå dei offisielle folketala per 1. januar 2013. Ved utgangen av fjoråret var det 14 237 innbyggjar i dei seks kommunane i Vest-Telemark. Det er 28 fleire enn eitt år tidlegare (0,2 prosent). Fyresdal, Kviteseid og Vinje kan alle vise til positiv utvikling siste året. I Seljord og Tokke har dei blitt færre, medan i Nissedal var det like mange ved utgangen av 2012 som ved utgangen av 2011.
Også for eitt år sidan var trenden positiv for Vest-Telemark samla sett. Regionen fekk 20 fleire innbyggjarar frå 2010 til 2011.
I åra før gjekk folketalet nedover. Førebels botnnivå blei talt ved utgangen av 2010, viser folketalsstatistikk frå Statistisk sentralbyrå. Då var det 14 189 innbyggjarar i regionen.
1997 var siste gongen folketalet var over 15 000 i Vest-Telemark (15 026). For ti år sidan var talet 14 589. Det har altså blitt 352 færre vesttelar i løpet av dei siste ti åra.

To i pluss på ti år
Fyresdal og Seljord kan vise til folketalsauke samla sett dei siste ti åra. I Seljord var dei ved årsskiftet for ti år sidan 2921 innbyggjarar. Dei ferske tala viser 2945. Men bak tala syner det seg at kommunen i løpet av dei siste tre åra har blitt 21 færre.
I Fyresdal var dei for ti år sidan 1310 innbyggjarar. Det er det lågaste folketalet på lang tid. Ved sist måling var dei blitt 40 fleire. Då var det altså 1350 fyresdølar. Kommunen kan også vise til pluss i folketalsrekneskapen frå sist måling. Det blei 15 fleire fyresdølar frå 2012 til 2013. Det er i prosent den største framgangen i regionen siste året.

308 færre
Den generelle trenden viser at Tokke og Kviteseid har vore folketalstaparane dei siste ti åra. Totalt har dei to kommunane blitt 308 færre på desse åra (140 i Kviteseid og 168 i Tokke). Tokke har blitt færre og færre for kvar einaste måling sidan 2003, men kommunen kan håpe situasjonen har stabilisert seg. Etter å ha mista 76 innbyggjarar på tre år, forsvann bare tre frå 2012 til 2013. Nedgangen skuldast at det døyr langt fleire enn det blir fødd i Tokke, som i dei fleste andre kommunane i regionen. Men fødselsunderskotet på 17 i 2012 er det klart høgaste i dei seks kommunane.
I Kviteseid håpar dei negative tal har blitt positive. Kommunen var ved årsskiftet igjen over 2500 innbyggjarar, etter at dei ved sist teljing hamna under det runde talet. Det er registrert ein auke på ni innbyggjarar frå sist årsskiftemåling.

Opp og ned i Vinje
Vinje var gjennom tøffe år i starten av årtusenet. 3814 innbyggjarar ved utgangen av 2002 hadde blitt til 3635 fem år seinare. Men sidan har det blitt fleire vinbyggjar, 86 totalt på dei fem siste åra. Ved årsskiftet var det 3721 innbyggjarar i Vinje, og kommunen blei 21 fleire i løpet av det siste året.
I Nissedal peikar pila rett veg. Kommunen har ikkje blitt færre sidan ved utgangen av 2006. Då var det berre 1375 nissedølar. Seks år etter er dei 1430. Med det er dei 80 fleire enn i nabokommunen Fyresdal. I 2006 skilde det berre 12 innbyggjarar mellom dei to minste kommunane i Vest-Telemark. Nissedal er også den einaste kommunen i regionen som kan vise til fødselsoverskot siste året, det vil seie at det blir fødd fleire enn det døyr. Totalt kom det til verda 17 nye nissedølar i 2012.
Totalt budde det per 31.12 2012, 5 051 000 innbyggjarar i Noreg. I Telemark budde det 170 902 personar.


Artikkelen er publisert 28/02-2013

Aktuelle saker:
Kjøper Foldsæ for 11 millionar
Heilt ny brygge
Ung fiskelykke
Austre Skindalen går til Ugland
Fann kokk på Facebook
Stamvegprat med departementet
Trugar med å heve hyttekjøp
– Prishopp stenger for kjøp
Overraska over framgangen